4. Sysselsetting og næringsliv

Reiseliv

Framleis Covid-effekt i reiselivet 

Også 2021 var prega av Covid-19 pandemien og restriksjonar som særleg ramma reiselivsnæringane. Noreg var i praksis lukka for internasjonale turistar nesten heile 2021 bortsett frå ein kort periode sommaren 2021. Likevel viser tal frå 2021 og tal per juni 2022 at trafikken er i ferd med å ta seg opp igjen. Seinare på sommaren påverka det dårlege været besøkstala i fylket. 

Det er naturleg å samanlikne trafikktala for 2021 med 2019 då det er det siste året som kan karakteriserast som eit normalår. 

Møre og Romsdal hadde i 2021 totalt 1 464 845 kommersielle overnattingar. Dette er ein nedgang frå 2019 på 180 177 overnattingar, det utgjer -11 prosent. Nedgangen skuldast bortfall av internasjonale gjestar, med ein reduksjon på 396 135 overnattingar (- 63,6 prosent) frå 2019. Nordmenn heldt i 2021 fram med å feriere i eige land, noko som resulterte i ein auke på 215 958 overnattingar (21,1 prosent) frå 2019. Med unntak frå Storbritannia og Danmark, har alle dei viktigaste internasjonale marknadene for Møre og Romsdal ein auke frå 2020 til 2021. 

Hotellovernattingar utgjorde heile nedgangen i 2021. Camping/hytte og vandreheimar hadde ein auke i 2021 samanlikna med 2019. Nedgangen i hotellsektoren representerte ein nedgang på 216 321 overnattingar (- 20,8 prosent). Auken i camping/hytte og vandreheimar utgjorde 6 prosent. 

Kurs og konferanse-gjestane gjekk ned frå rundt 63 000 overnattingar i 2019 til 22 000 overnattingar i 2020. I 2021 var talet overnattingar med dette formålet på omkring 43 000. Overnattingar i jobbsamanheng gjekk ned med 30 prosent frå 2019 til 2020, og nedgangen heldt fram i 2021. Det blir spennande å sjå tala for 2022, dei kan gi indikasjon på om pandemien har ført til ein varig reduksjon i overnattingar på grunn av nye digitale arbeidsformer.

Forrige tema:
Neste tema: