Forord

Forord

Statusrapport i ei endringstid – vekk frå gamle «normalar»

Fylkesstatistikk blir lagt fram for fylkestinget i Møre og Romsdal på deira oktobermøte kvart år. Fylkesstatistikk 2022 inneheld ei rekke tal og statistikkar som både kan brukast til å måle utviklinga og til å seie noko om framtida i fylket.

På mange av områda som er omtalt i fylkesstatistikken viser tidslinjene no større endringar enn vi er vande med. Konjunkturar og oljepris har alltid gitt tydelege utslag i fylkesstatistikken for Møre og Romsdal, eit fylke der det eksportretta næringslivet sysselsett mange. I årets fylkesstatistikk er det fleire internasjonale hendingar som påverkar utviklingstrekka.

I 2020 vart fylket vårt til liks med resten av verda ramma av ein pandemi. Restriksjonar som følgje av denne varte heilt fram til februar 2022. Dette gav raskt utslag i statistikken, særleg for transportsektoren, kultursektoren, reiselivet og personleg tenesteyting. Omsettinga
i store deler av næringslivet gjekk ned. Mange brukte mindre pengar, vi fekk nye vanar, både på jobb og fritid, og lærte oss nye teknologiske kommunikasjonsformer. Når restriksjonane for pandemien vart oppheva gjekk derfor ikkje alt tilbake til normalen. Vi ser det mellom anna i statistikken for overnattingar, kulturtilbod og kollektivreiser. På andre område var det eit oppdemma behov, som gav unormal vekst for nokre næringar. Etterspurnaden etter arbeidskraft auka igjen, og talet på ledige stillingar er no rekordhøgt.

Men i februar 2022 invaderte Russland Ukraina og endra på nytt situasjonen både for folk og næringsliv – også i Møre og Romsdal. Over 8 millionar menneske har flykta frå Ukraina i år, og per 2. oktober har 1 242 av desse vorte busett i Møre og Romsdal. Krigen påverkar både matvareprisar og energiprisar, dette har ført til inflasjon og renteheving. Dette kjøler ned den økonomiske veksten, og det er grunn til å vente at arbeidsløysa vil stige igjen.

Ei anna global krise som også i større og større grad påverkar Møre og Romsdal er klima- og naturkrisa. Skal vi ha ei verd å gi vidare til seinare generasjonar, må vi endre forbruk og levemåtar. Utsleppstala for CO2 i Møre og Romsdal viser berre ein marginal nedgang dei siste åra. EU sin taksonomi for berekraftig aktivitet, som også Noreg har slutta seg til, vil mellom anna påverke vilkåra for å få banklån.

På fleire og fleire område blir vi tvinga over i eit grønt spor. Det kan vere eit konkurransefortrinn for det omstillingsdyktige næringslivet i Møre og Romsdal. Spørsmålet er om vi klarer å vinne kampen om arbeidskrafta.

Fylkesstatistikken inneheld som vanleg ein stor del om den demografiske utviklinga. Og vi må slå fast at sjølv om fylket har både befolknings- og sysselsettingsvekst, så er det det sentrale Austlandet som er den store vinnaren her. Utflyttinga frå Oslo under pandemien gjekk i hovudsak til kommunar på Austlandet.

Elles finn du som vanleg dei siste tala for arbeidsmarknaden, næringsutvikling, pendling, bustadmarknaden og kjønnslikestilling. Også utvikling på fylkeskommunale tenesteområde som utdanning, samferdsel, tannhelse og kultur er med, og i år har vi prioritert å ta inn meir om kompetansebehovet. Andre nye tema er areal til bustadformål, avfall frå hushaldingane og fastlegeordninga. Og det er på tide å sette sjølvmord på dagsorden.

Bruk fylkesstatistikken som grunnlag i debattar, og som grunnlag for planar og andre politiske avgjerder. Fakta trumfar synsing!

God lesing!

Ingunn Bekken Sjåholm
Fylkesplansjef

Forrige tema:
Neste tema: