Møre og Romsdal bruker minst pengar i landet på kultursektoren
Kommunane i Møre og Romsdal ligg lågast i landet på lista når det gjeld netto driftsutgifter til den samla kultursektoren. Mens Møre og Romsdal samla bruker 3,0 prosent av dei totale driftsutgiftene på kultur, blir nærmare 4 prosent eller meir av dei totale driftsutgiftene brukt på kultur i dei andre fylka.
Det er store skilnader på kor mykje som blir brukt per kommune. I Møre og Romsdal ligg Sunndal kommune høgst med 5,2 prosent, tett følgt av Ulstein og Smøla. I den andre enden bruker Averøy, Sande, og Giske kommune minst pengar på kultursektoren.
I ei liste over alle kommunar i Noreg, er Sunndal kommune på 52. plass i Noreg, mens Giske kommune er nede på 353. plass av 357 kommunar.
…og på aktivitet for barn og unge
Det er framleis store skilnader i bruk av midlar mellom kommunane til aktivitet for barn og unge. Nokre kommunar bruker meir pengar på barn og unge enn i 2020, men dei fleste bruker mindre.
I snitt er Møre og Romsdal det einaste fylket som bruker mindre pengar på aktivitetsmidlar til barn og unge enn i fjor. Oslo bruker framleis mest, og landsgjennomsnittet utan Oslo er på 180,9 kroner per innbyggar. Det er langt over Møre og Romsdal som er nede på 55,0 kroner per innbyggar.
...men mest på kulturskole!
Når det gjeld pengar brukt på kulturskole, er Møre og Romsdal som i 2021 det fylket som har størst netto driftsutgifter til kulturskole per innbyggar. Frå i fjor har netto driftsutgiftene til kulturskole i Møre og Romsdal auka med 17 kroner per innbyggar. Her er landsgjennomsnittet utan Oslo på 365,1 kroner i netto driftsutgifter per innbyggar og Møre og Romsdal bruker 434 kroner per innbyggar.