17. Likestilling og demokrati

Likestilling

Ein kjønnsdelt arbeidsmarknad 

Den generelle tendensen er at det har vorte meir likestilling mellom kvinner og menn i Noreg sidan indikatorane for kjønnslikestilling i kommunane vart publisert for første gong i 2008. På nesten alle dei 12 indikatorane har det vore ei utvikling i retning av meir likestilling, men med ulik styrke. 

Både for Møre og Romsdal og landet samla er det størst kjønnsbalanse på indikatorane som måler forholdet mellom del kvinner og menn i arbeidsstyrken og del barn 0-5 år som går i barnehage. Minst kjønnsbalanse er det på indikatorane som måler deltidsarbeid og grad av kjønnsbalansert næringsstruktur. 

I mange yrke er det anten mange menn eller mange kvinner som er tilsett. Få menn vel yrke der det jobbar flest kvinner. Endringar i arbeidsmarknaden viser likevel at fleire kvinner søker seg til yrke der det jobbar flest menn. Det blir også stadig fleire kvinnelege sjefar. Men utviklinga mot ein mindre kjønnsdelt utdannings- og arbeidsmarknad går sakte. 

Møre og Romsdal har den lågaste skåren av alle fylka på indikatoren «Grad av kjønnsbalanse i næringsstrukturen». Skåren går frå 0 til 1, der eit resultat ned mot 0 viser stor kjønnsforskjell mellom tilsette i næringane i fylket/kommunen, og tal opp mot 1 betyr jamn fordeling av menn og kvinner i næringane. Oslo har høgast skår med 0,74, landsgjennomsnittet er 0,60 og Møre og Romsdal får 0,52. 

Det er Sykkylven kommune som har størst grad av kjønnsbalansert næringsstruktur i Møre og Romsdal, det er den einaste kommunen som kjem opp på landsgjennomsnittet. Kommunane Stranda og Molde kjem deretter med skårane 0,59 og 0,58. Minst grad av kjønnsbalansert næringsstruktur finn vi i kommunane Sande og Smøla, begge med skår på 0,39.

Forrige tema:
Neste tema: