8. Utdanning og kompetanse

Fagskole

Fire fagskoletilbod i fylket 

Fagskole er ei toårig utdanning som bygger på fagbrev frå vidaregåande opplæring eller realkompetanse. I studieåret 2021/2022 var det fire fagskolar i Møre og Romsdal kor tre er offentleg eigd og ein er privat eigd. Fagskolen i Møre og Romsdal, med studiestad i Ålesund og Kristiansund er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune. Fagskolen i Viken med studiestad Sunndal er eigd av Viken fylkeskommune. Ytre kunstfagskole i Ålesund er privat eigd og Fagskolen i Aldring og helse med studiestad i Ålesund/nettbasert er organisert under Sykehuset i Vestfold. 

Ein liten auke i talet på fagskolestudentar i fylket 

Våren 2022 er det ein auke i talet fagskolestudentar i Møre og Romsdal. Til saman var det 370 fagskolestudentar i fylket våren 2022 mot 340 våren 2021 og 360 våren 2020. Dette skuldast eit auka tal studentar ved Fagskolen i Møre og Romsdal studiestad Kristiansund, og det nye tilbodet Industriell Automatisert Digitalisering i Sunndal i regi av Viken fylkeskommune. Elevtala fordelt på kjønn på dei ulike fagskolane er meir eller mindre statiske frå år til år, og samla sett er det ei overvekt av menn. 

Nasjonalt er det stor auke i talet på fagskolestudentar 

På landsbasis er det 25 110 fagskolestudentar kor 11 590 går på private fagskolar og 13 520 går på offentlege. Møre og Romsdal er fylket i landet med færrast fagskolestudentar trass i større befolkning enn Nordland og Troms og Finnmark og høg søking til yrkesfaglege utdanningsprogram på vidaregåande skole. Nasjonalt har det dei siste to åra vore ein sterk auke i talet på fagskolestudentar. Våren 2020 var det 18 055 fagskolestudentar i Noreg, dette har auka til 25 115 studentar i 2022. Dette gir ein auke i talet på fagskolestudentar sidan 2020 på 7 060 studentar eller 39,1 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: