11. Klima og miljø

Klimagassutslepp

Utslepp av klimagassar går sakte ned 

Miljødirektoratet publiserer kvart år tal for klimagassutslepp i kommunar og fylke. I januar 2022 vart det lagt fram tal for 2020. Dei viser at utslepp av klimagassar i Møre og Romsdal har gått marginalt ned frå 2019 til 2020, med 0,8 prosent. Frå 2009, første året det finnast tal for,  og til 2020 har klimagassutsleppa i fylket gått ned med om lag 81 000 tonn CO2-ekvivalenter. Dette gir ein reduksjon på 3,2 prosent. 

Statistikken omfattar dei direkte, fysiske utsleppa som skjer innanfor fylket sine geografiske grenser. Dette betyr at klimagassutsleppa frå ein båt i trafikk vil vere inkludert under sektor sjøfart, men berre utsleppa som skjer mens båten køyrer innanfor grensa til fylket. Utslepp etter at båten har bevega seg ut frå fylkesgrensa vil bli belasta eit anna fylke. Utslepp knytt til produksjon av fartøyet på ulike fabrikkar (indirekte utslepp) vil vere plassert på sektor «industri, olje og gass» i dei fylka kor fabrikkane er fysisk plassert. Utslepp som fysisk skjer i utlandet vil ikkje vere inkludert i statistikk frå Noreg. Dette vil seie at alle utslepp som genererast indirekte gjennom aktivitet i fylket, til dømes bestilling av skipsskrog frå eit verft i utlandet, ikkje er med i statistikken. 

Det er i 2020 ein nedgang i utslepp i sju av ni sektorar, og størst er nedgangen innan industri, olje og gass. Her er utsleppa gått ned 23 714  tonn CO2-ekvivalenter, det utgjer -2,4 prosent. Størst prosentvis kutt er det innan luftfart, som var prega av korona-restriksjonane. Nedgangen i utslepp frå denne sektoren var 40,0 prosent i 2020. Også utsleppa frå vegtrafikk gjekk ned i 2020, med 1,5 prosent. 

Dei to sektorane der utsleppa auka i 2020, var oppvarming og sjøtrafikk. Utsleppa gjekk her opp med  10,7 og 4,0 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: