14. Samferdsel

Buss

29 prosent færre bussreiser i 2021 samanlikna med 2019 

Totalt vart det registrert 6,5 millionar reisande med buss i Møre og Romsdal i 2021. Dette er 5 prosent høgare enn talet for 2020, men derimot 29 prosent lågare enn talet for 2019. Totalt var det over 2,6 millionar færre busspassasjerar i 2021 enn i 2019. 2 millionar av desse er ordinære passasjerar og resterande er skuleskyss. 

Koronapandemien påverka også tala på reisande i 2021, spesielt i første halvår. Samanlikna med 2020 var det likevel færre periodar med restriksjonar og stengde framdører. Med bakgrunn i dette, er det difor valt å samanlikne tala mot 2019 som var det siste normale året før koronapandemien. 

Størst nedgang i passasjerar per månad i 2021 samanlikna med 2019 fekk vi i mai med 43 prosent reduksjon. I september og november var talet på bussreiser i ferd med å auke tilbake mot 2019-nivå, og månadane enda på 83 og 82 prosent av 2019-nivået. I desember vart det innført nye restriksjonar som førte til 32 prosent nedgang samanlikna med desember 2019. 

Ordinære reiser hadde i 2021 ein nedgang på 34 prosent samanlikna med 2019, og skuleskyss ein nedgang på 19 prosent. 

Ved å sjå nærare på tal for på-stigande passasjerar ein normal kvardag i september 2021, ser ein følgjande mønster. 36 prosent av dei på-stigande passasjerane gjennom dagen har avreise mellom kl. 06.00 og 08.59, og 38 prosent mellom kl. 13.00 og 15.59. Til saman utgjer dette 74 prosent av dei reisande i løpet av ein kvardag. Dette inneber at dei to nemnte tidsromma er dimensjonerande for kva kapasitet (kor store bussar vi brukar på rutene) vi får resten av døgnet, når etterspurnaden ikkje er like stor. Det er også i perioden med flest reiser at potensialet for nye reiser er størst.

Forrige tema:
Neste tema: