7. Kultur

Bibliotek

Størst auke for Møre og Romsdal i nasjonal lesekampanje for barn 

Sommarles er ein nasjonal, digital lesekampanje for alle barn i 1.–7. klasse i regi av biblioteka som oppfordrar barn til å lese gjennom heile sommaren. Alle kommunar i Møre og Romsdal deltek i kampanjen, der Smøla og Sunndal hadde størst oppslutning der over 70 prosent av alle barn i målgruppa deltok. 

Etter ein nedgang i deltakarar i 2020, gjekk tala opp med 12 prosent i 2021. Møre og Romsdal hadde då den største prosentvise auka i landet. Berre Rogaland, Trøndelag og Agder hadde større totaloppslutning enn Møre og Romsdal. I 2021 leste 8 540 barn i Møre og Romsdal 124 000 bøker og over 12 millionar sider litteratur. 

Bibliotekarane blir færre og har mindre å rutte med 

Medieutgifter viser kor mykje biblioteka har brukt til innkjøp av fysisk og digitalt materiale som blir gjort tilgjengeleg for utlån eller bruk i biblioteka. Dette kan inkludere bøker, filmar, spel og aktivitetsmateriale. 

I gjennomsnitt bruker biblioteka i Møre og Romsdal 25,50 kr per innbyggar, mens landsgjennomsnittet er på kr 27,40. Seks kommunar i Møre og Romsdal brukte under kr 20 per innbyggar i 2021. Fjord og Aukra kommune er dei to einaste som brukte over kr 50 per innbyggar. Av 26 kommunar i fylket hadde heile 15 mindre å kjøpe bøker og anna materiale for, enn året før. 

I biblioteka i fylket var det i 2021 til saman 74,9 årsverk fordelt på 109 tilsette. Dette er ein nedgang frå året før på over éi heil stilling. Det er 6 fylke som har hatt ein negativ utvikling i tal på årsverk frå 2020 til 2021. Møre og Romsdal er fylket med færrast årsverk totalt, med 2,8 årsverk per 10 000 innbyggarar og einaste fylket som ligg under 3 årsverk.

Forrige tema:
Neste tema: