4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsetting blant innvandrarar

Mange innvandrar innan sal- og sørvis, få innan jordbruk og fiske 

Over fleire år har vi publisert statistikk som synar kor store delar av innvandrarane som er sysselsett, og tala har synleggjort at innvandrarane i Møre og Romsdal har høgare deltaking i arbeidslivet her i fylket enn på landsbasis. I år har vi valt å ta med statistikk som synar kva yrke innvandrargruppene er sysselsett i, og skilnaden mellom dei to «hovudgruppene» som SSB delar innvandrarane i etter landbakgrunn. 

Innvandrarane frå EU, EFTA, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand utgjer i alt 11 660 sysselsette, men av dei er det 534 sysselsette kor
ikkje det er oppgjeve yrke for hos SSB. I dei resterande 11 126 er handverkarar den største yrkesgruppa, med 2 941 sysselsette. Det utgjer 26,4 prosent av dei sysselsette innvandrarane frå denne landkategorien. I tillegg til handverkarar er sals- og sørvisyrke, prosess- og maskinoperatørar og reinhaldarar store yrkesgrupper. 

Den andre innvandrargruppa, som har landbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania utanom Australia og New Zealand, og Europa utanom EU, EFTA og Storbritannia, utgjer i alt 7 564 sysselsette, der 7 277 har oppgjeve yrke hos SSB. Den klart største yrkesgruppa er sals- og sørvisyrke, som sysselsett 2 898 personar. Det er nær 40 prosent av den innvandrargruppa, og samanlikna med innvandrarane i den andre gruppa er sysselsettinga her nær 150 prosent høgare. Prosess- og maskinoperatørar og reinhaldarar utgjer også ein relativ stor del av sysselsettinga i den gruppa. 

Den yrkesgruppa som har lågast del sysselsette innvandrarar, uavhengig av kva landbakgrunn dei har, er bønder, fiskarar m.v., kor innvandrarar utgjer knapt 200 sysselsette. I overkant 600 sysselsette med innvandringsbakgrunn har ei leiarstilling.

Forrige tema:
Neste tema: