4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter utdanningsnivå

Nest lågast del sysselsette med lang høgare utdanning 

Sysselsette sin utdanningsbakgrunn fortel ein del om næringsstrukturen og befolkningssaman­setninga i eit område. Når det relativt sett er fleire sysselsette med grunnskule som høgaste fullførte utdanning i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet, fortel det oss at dei eldre utgjer ein relativt sett større del av sysselsettinga her enn på landsbasis, da det hovudsakeleg er eldre i denne utdanningsgruppa.  På landsbasis utgjer dei 18,7 prosent av dei sysselsette, mens i Møre og Romsdal utgjer dei 21,0 prosent. 

I Møre og Romsdal er det no eit fleirtal av elevane i vidaregåande skole som vel yrkesfaglege studieretningar. Dette ser ein att i sysselsettinga, der delen sysselsette med vidaregåande skole som høgaste fullførte utdanning er 12,0 prosent høgare her enn på landsbasis (43,2 prosent i Møre og Romsdal, 38,6 prosent på landsbasis). SSB skil dessverre ikkje mellom dei som har fagskoleutdanning frå vidaregåande og dei som har teke studiekompetanse, men ikkje har gjennomført høgare utdanning. 

Når det gjeld delen sysselsette med høgare utdanning er det mindre skilnad mellom Møre og Romsdal og landet når det gjeld kort (1-4 år) høgare utdanning. I Møre og Romsdal utgjer denne gruppa 27,7 prosent av dei sysselsette, 1,5 prosentpoeng eller 5 prosent lågare enn landet. Delen som har lang (over 4 år) høgare utdanning er heile 40,2 prosent lågare i Møre og Romsdal enn landet. Dei utgjer berre 8,1 prosent her, mot 13,5 prosent for landet. 

Samanlikna med dei andre fylka er det berre Innlandet som har ein lågare del sysselsette med lang høgare utdanning, med 8,0 prosent. Denne utfordringa for Møre og Romsdal er ikkje ny, men ser vi fem år bakover, finn vi at veksten i del med lang høgare utdanning er den same i Møre og Romsdal som landet, rundt 20 prosent auke.

Forrige tema:
Neste tema: