8. Utdanning og kompetanse

Kompetansebehov

Regionen manglar arbeidskraft og kompetanse 

Menon Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidd ein rapport om kompetansebehovet i Møre og Romsdal. 72 bedrifter og 18 kommunar har gitt innspel til rapporten. Heile 60 prosent av bedriftene og 70 prosent av kommunane melder tilbake at dei har hatt vanskar med å rekruttere kvalifisert personell dei siste to åra. I næringslivet gjeld dette fleire av dei store næringane som til dømes bygg- og anlegg, maritim sektor og anna industri. I kommunane er det krevjande å rekruttere tilsette med ingeniørkompetanse og tilsette til helse- og omsorgssektoren. I tillegg veit vi at mange kommunar òg har vanskar med å rekruttere nok undervisningspersonell til skulesektoren. Bedriftene meiner at dei, som følgje av auka aktivitet, vil få behov for fleire tilsette fram mot år 2030. Det betyr ein ytterlegare tilspissa konkurranse om arbeidskrafta i åra som kjem. 

Færre i yrkesaktiv alder 

Som følgje av store endringar i befolkningssaman­settinga vil det i tiåra som kjem bli langt færre innbyggarar i yrkesaktiv alder i forhold til talet på pensjonistar. I Møre og Romsdal var det i 2010 3,5 personar i yrkesaktivalder (20-64 år) per innbyggar over 65 år, i 2022 er dette redusert til 2,7. I følgje framskrivingane til SSB vil dette endre seg mykje framover, i 2040 vil det i fylket vere 1,9 personar i yrkesaktiv alder per innbyggar over 65 år. Same trenden finn vi på landsbasis der det i 2010 var 4,0 personar mellom 20-64 år i forhold til talet på dei over 65 år. Dette ser vi er halvert til 2050, då det berre vil vere 2,0 personar i yrkesaktiv alder per person over 65 år. Skal dei same oppgåvene løysast og velferda oppretthaldast må samfunnet ytterlegare effektiviserast. Strukturendringar, auka digitalisering og robotisering kan vere døme på tiltak for å gjere samfunnet meir effektivt og redusere behovet for arbeidskraft. 

Jakta på dei kloke hovuda 

Både lokalt næringsliv og offentleg sektor i fylket er på jakt etter høgskulekompetanse innanfor ei rekke ulike område. Det er stor konkurranse om kompetansen og dei store byregionane i Noreg har ein brei og attraktivt arbeidsmarknad for denne gruppa. 

Dei regionale høgskulane blir trekte fram som viktige for kompetanseutviklinga og det å kunne behalde kompetansen i alle fylke. Demografiutvalet leia av Victor Norman trekte fram i sin rapport kor viktig det er å vidareutvikle og utvide tilbodet til dei regionale høgskolane. Eit godt regionalt utdanningstilbod som utviklar kompetanse lokalt arbeidsliv har behov for, er viktig for å behalde kompetanse og arbeidskraft i eige fylke. 

Tek ungdom høgskuleutdanning i fylket? 

Ved hjelp av data frå SSB har vi sett nærare på ungdom som har tatt høgskoleutdanning i perioden 2013-2017. Dette er ungdom som budde i Møre og Romsdal når dei var 16 år og er busette i Møre og Romsdal tre år etter at dei fullførte høgskoleutdanninga si. Samanliknar vi dei tre største byane har 48,8 prosent av ungdomane i Ålesund tatt utdanning si i eige fylke, mens 45,9 prosent av ungdommen i Molde har gjort det same. I Kristiansund er det 34,1 prosent av dei som har tatt høgskoleutdanning i perioden 2013-2017 som har tatt utdanninga i Møre og Romsdal. Det er viktig å merke seg at Kristiansund har først dei siste åra fått eit høgskuletilbod av eit visst omfang. Det blir derfor spanande å følgje med kva Campus Kristiansund og utvidinga av studietilbodet på Campus vil ha å seie for nordmørsregionen. Nærleiken til det store studiemiljøet i Trondheim kan sjølvsagt ha mykje å seie for val av studiestad for ungdommar busett lengst nord i fylket.

Forrige tema:
Neste tema: