10. Helse og sosialsektoren

Fastlegeordninga

6,1 prosent i fylket er utan fastlege 

I Helsedirektoratet sin årsrapport for Handlingsplanen for allmennlegetjenesten for 2021 blir det slått fast at liten vekst i talet på fastlegar kombinert med redusert gjennomsnittleg listelengde og auke i befolkninga har gitt fleire innbyggarar på lister utan fastlege, og ein reduksjon av ledige plassar hos fastlege. 

I desember 2021 var det 21 lister i fylket utan fastlege, fordelt på 12 kommunar. Ni av listene hadde vore utan fastlege i over eit år. Vi gjer merksam på at ikkje alle lister utan fastlege er med i oversikta. Det er ulike årsaker til dette som no vert kartlagt. 

Talet på lister utan fastlege i fylket er svakt aukande frå 1. kvartal 2020, med ein topp 1. kvartal 2021. 8,3 prosent av fastlegelistene var då utan fastlege. 4. kvartal 2021 var delen 7,5 prosent. I landet var det ein jamn stigning av lister utan fastlege til 4,8 prosent av listene i 4. kvartal 2021. 

I desember 2021 var 16 039 innbyggarar i fylket utan fastlege, 9 566 av desse på ei liste utan tilsett lege i over eit år. Delen innbyggarar i fylket på liste utan fastlege auka frå 4,9 prosent 1. kvartal 2020 til 6,1 prosent 4. kvartal 2021. I heile landet auka delen innbyggarar på liste utan fastlege i same periode frå 1,5 til 2,6 prosent. Vi ser dermed at delen av befolkninga som ikkje har fastlege framleis er høgare i Møre og Romsdal enn landsgjennomsnittet, men at auken er sterkare nasjonalt dei to siste åra. 

Frå 1. kvartal 2020 til 4. kvartal 2021 vart det 33 prosent færre ledige plassar hos fastlege i fylket. I landet var det 60 prosent færre ledige plassar. Talet på fastlegelister har auka med 1,8 prosent i fylket, medan talet på legar har gått ned med 0,4 prosent i same periode. Samtidig var gjennomsnittleg listelengde redusert med 14 prosent i fylket, og 21 prosent i heile landet.

Forrige tema:
Neste tema: