Kjønnsdelt arbeidsmarknad i Møre og Romsdal
Næringsstrukturen i Møre og Romsdal har ein
relativt tydeleg kjønnsprofil. Størst kjønnsforskjell er det innan jordbruk, skogbruk og fiske. Næringa sysselsett 1,4 prosent av kvinnene i fylket og 6,4 prosent av mennene.
Av dei større næringane er skilnadene størst innan helse- og sosialtenester. Her er 39,6 prosent av kvinnene sysselsett, mens berre 7,0 prosent av menn. Skilnaden er på 32,6 prosentpoeng. Det er også stor kjønnsforskjell i sekundærnæringa, som 40,5 prosent av alle menn er sysselsette i, mens berre 10,1 prosent av kvinnene. Det betyr at det er fire gonger så mange menn som kvinner i den næringa.
Under samleomgrepet sørvisnæringar er det enkeltnæringar det er store skilnader, til dømes transport og lagring. Seks gonger så mange menn som kvinner sysselsett, eller overnatting- og serveringsverksemd kor det er dobbelt så mange kvinner som menn.
Det er ikkje slik at kjønnsdelinga i arbeidsmarknaden jamnar seg ut blant dei yngre arbeidstakarane. Vi finn omtrent same forskjell mellom næringane hos dei sysselsette under 40 år som vi finn for alle sysselsette. Utdanningsvala som ligg til grunn for yrke og næring viser seg svært stabile, og det er få teikn til endring.
Menn utgjer 83,7 av dei sysselsette innan jordbruk, skogbruk og fiske og 82,1 prosent av sekundnæringar. Kvinner utgjer 83,1 prosent av helse- og sosialtenester. Det er i personleg tenesteyting, offentleg administrasjon og sørvisnæringar at det er størst grad av kjønnsbalanse blant dei sysselsette.