5. Forsking og utvikling

Tildelingar frå Innovasjon Norge og forskingsaktivitet i næringslivet

Innovasjon Norge – viktig medspelar for forsking og utvikling i næringslivet 

Innovasjon Norge bidreg med finansiering av prosjekt og kompetanse for å hjelpe norsk næringsliv. Ny kompetanse og kapital er viktig for å styrke næringslivet sitt fokus på forsking og utvikling. I 2021 bidrog Innovasjon Norge med over 9,2 milliardar kr til utvikling og innovasjon i norske bedrifter og verksemder. I 2021 fekk heile 5 459 prosjekt finansiering frå Innovasjon Norge. Dette er ein nedgang frå 2020, då det var gjort ekstraordinære tildelingar som følgje av Koronapandemien. I 2020 vart det gitt støtte til 8 109 prosjekt, mens det i 2019 vart tildelt støtte eller finansiering til 4 600 prosjekt. 

Innovasjon Norge gir både tilskot, garantiar og lån til verksemder. I 2021 fekk bedrifter og verksemder i Møre og Romsdal tilført lån, tilskot og garantiar frå Innovasjon Norge for 952 millionar kr. Dette fordeler seg på 294 millionar kr i tilskot, 37 millionar kr i garantiar og 621 millionar kr i lån. Det vart gitt tilskot til 220 prosjekt, 17 prosjekt fekk garantiar og det vart gitt lån til 55 prosjekt i 2021. 

Nedgang i FoU-aktiviteten det første pandemiåret 

Det var i Møre og Romsdal ein nedgang i FoU-aktiviteten i 2020. Dette må nok Koronapandemien ta noko av skulda for. Til dømes vart det brukt mindre middel til eigenutført FoU. Det vart i 2019 brukt 1 442 millionar i fylket til eigenutført FoU mot 1 281 millionar i 2020, ein nedgang på -161 millionar. Det var òg brukt 50 millionar mindre i 2020 enn i 2019 på innkjøpte tenester på FoU-området. Talet på tilsette som arbeider med FoU gjekk ned frå 2 231 tilsette i 2019 til 2 007 tilsette i 2020.

Forrige tema:
Neste tema: