4. Sysselsetting og næringsliv

Fiskeri og havbruk

Vekst i salet frå akvakultur 

Akvakulturnæringa i Møre og Romsdal er prega av sykliske variasjonar, og salet har dei seinare åra variert kraftig både i selde tonn og i pris. I 2021 var salet av matfisk frå Møre og Romsdal på 221 988 tonn, ein auke på 132,6 prosent frå 2020. Verdien på det samla salet var på 11,0 milliardar kroner, ein auke på 146,5 prosent frå året før. For landet samla auka salet i tonn med 10,3 prosent, mens salet i verdi auka med 17,2 prosent. 

Salet frå Møre og Romsdal utgjer 13,5 prosent av samla sal frå Noreg i vekt, og 13,7 prosent i verdi. Dei sykliske variasjonane i fylket ser ut til å ha ein motpart i Trøndelag, der dei har kraftig auke når Møre og Romsdal har nedgang, og omvendt. Dermed påverkar desse sykliske variasjonane i mindre grad tala for landet samla sett. 

Fartøy frå fylket hadde høgast verdi på fangsten 

Fangsten av fartøy frå fylket gjer at Møre og Romsdal framleis kan kalle seg fiskerifylket, med ein samla verdi i 2021 på 5,7 milliardar kroner. Det er mest av alle fylka, og utgjer om lag ein fjerdedel av den samla verdien til fangsten nasjonalt. Målt i tonn var fangsten frå fartøy frå Møre og Romsdal på 558 075 tonn, tredje mest, etter Nordland og Vestland. Nasjonalt var fangsten på 2,6 millionar tonn, til ein verdi på 23,2 milliardar kroner. 

Det er pelagisk fisk, som til dømes sei og makrell, som utgjer mest av fangsten til fartøya frå fylket, med 347 125 tonn, det utgjorde 62,2 prosent av fangsten i 2021. Torsk og torskeartar stod for 29,1 prosent, mens flatfisk, skaldyr og bruskfisk utgjorde resten. Frå 2020 til 2021 gjekk fangsten med pelagisk fisk ned med -8,3 prosent. Torskefisk auka med 2,3 prosent, flatfisk auka med 27,7 prosent og skaldyr hadde ein auke på heile 91,7 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: