Val av utdanningsprogram

Val av utdanningsprogram

Stor nedgang i søkinga til teknikk og industriell produksjon

Fordelinga av søkarar mellom studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram er stabil. Men det er ei dreiing i søkinga mellom dei yrkesfaglege utdanningsprogramma for skoleåret 2016-2017.

Størst nedgang er det i søkinga til teknikk og industriell produksjon, frå 537 til 447 – ein nedgang på heile 90 søkarar. Mykje av årsaka ligg nok i den lågkonjunkturen vi no opplever. Restaurant og matfag, og service og samferdsel har også ein nedgang. Det er god vekst i søkinga til bygg- og anleggsteknikk, design og handverk, og naturbruk. Alle desse utdanningsprogramma har slite med rekrutteringa i fleire år.

Dersom vi reknar med søkinga til det nye studiespesialiserande utdanningsprogrammet kunst, design og arkitektur, er søkinga til studiespesialisering om lag på nivå med i 2015. Musikk, dans og drama har nedgang, mens medier og kommunikasjon, og idrettsfag har stor auke i søkinga.

Gutar og jenter vel framleis ulikt

Tradisjonelt har det vore stor forskjell på vala til jenter og gutar. Jentene er framleis i klart fleirtall på studiespesialisering der det er tatt inn 698 jenter og 503 gutar. På idrettsfag, og medier og kommunikasjon er det omtrent like stor søking frå begge kjønn, mens dei to andre studieførebuande utdannings­programma har ei stor overvekt av jenter.

Det er på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma at dei største forskjellane kjem fram. Jentene vel i stor grad design og handverk, og helse- og oppvekstfag. På design og handverk er det 115 jenter og berre 10 gutar, på helse- og oppverkstfag 415 jenter og 96 gutar. Det motsette ser vi i bygg- og anleggsteknikk, elektro, og teknikk og industriell produksjon. Bygg- og anleggsteknikk tok inn 204 gutar og 15 jenter, elektrofag 296 gutar og 25 jenter og teknikk og industriell produksjon 462 gutar og 56 jenter. Tala er relativt stabile.

Inntekne elevar til VG1, fordelt på utdanningsprogram og kjønn, 2016-2017

Last ned

Studieførebuande utdanningsprogram, Møre og Romsdal, primærsøkarar

Last ned

Yrkesfaglege utdanningsprogram Møre og Romsdal, primærsøkarar

Last ned