Utdanningsnivået i befolkninga

Utdanningsnivået i befolkninga

Fleire med høgare utdanning

Det skjer ikkje store endringar i utdanningsnivå frå år til år, men ser vi dette over noko tid, finn vi at spora etter utdanningsrevolusjonen er synlege. Klarast ser vi dette for lengre, høgare utdanning. Det vil seie meir enn fire års høgare utdanning. I 1980 var det berre 1,3 prosent av befolkninga som hadde slik utdanning her i fylket, mot 2,4 prosent i landet.
I 2015 var dette talet auka til 5,4 prosent for fylket vårt og 9,2 prosent for landet. Sjølv om auken har vore sterk i Møre og Romsdal, ligg vi enno eit godt stykke bak landet samla. Det er særleg blant kvinner at utdanningsnivået har auka dramatisk dei siste 35 åra. For menn er auken mykje meir beskjeden.

Kvinnene tar lengst utdanning

Studerer vi tala nærare, ser vi at utdanningsrevolusjonen blant kvinner gir klare utslag i statistikken. I aldersgruppene under 50 år er det ein større del kvinner enn menn som har lengre høgare utdanning, og jo yngre dei er, desto sterkare er forskjellen mellom kjønna. I aldersgruppene over 50 år er det motsett. Der er det flest menn med lengre høgare utdanning, og jo eldre dei er, desto større er denne forskjellen. Om berre få år må ein til aldersgruppa over 60 år for å finne eit fleirtal av menn med lengre, høgare utdanning, og ein vil i den samla arbeidsstyrken ha ei klar overvekt av kvinner med den høgaste utdanninga.

Møre og Romsdal heng etter når det gjeld utdanningsnivå

Sjølv om delen av befolkninga med høgare utdanning (både kort og lang) har auka med 2,9 prosentpoeng til 26,6 prosent dei siste fem åra, ligg vi stadig lengre bak resten av landet. For landet samla har tilsvarande auke vore på 3,4 prosent, slik at i Noreg i dag har 32,2 prosent høgare utdanning. Vi er «berre» 1,8 prosentpoeng bak landet når det gjeld kortare høgskoleutdanning (21,2 prosent mot 23,0 prosent). Det er for lang, høgare utdanning at fylket har ein lågare del enn landsgjennomsnittet.

Del personar 16 år og over, etter utdanningsnivå, 2015

Last ned

Del personar med lang høgare utdanning i fylket fordelt på alder og kjønn

Last ned

Del personer med lang høgare utdanning, over 4 år

Last ned