Universitet og høgskolar

Universitet og høgskolar

Auke i talet på søknadar til universitet og høgskolar

Både nasjonalt og i fylket vårt var det ein auke i talet på søkarar til høgskolar og universitet hausten 2016. Gjennom Samordna opptak var det 6 127 personar frå fylket som søkte. Dette er 5,4 prosent fleire enn i 2015. Kvar person kan søke fleire studium. Samla var det 16 549 søknadar frå fylket, ein auke på 8,1 prosent. Størst auke er til skolar i eige fylke (228), men det er også ein stor auke til Sør-Trøndelag (159), Troms (141), Oslo (136) og Nordland (106). Hordaland, som tradisjonelt har vore eit populært fylke for studentar frå fylket vårt, har ein nedgang i søkartal (-32) frå 2015. 56 prosent av søkarane hadde minst ein høgskole/universitet i eige fylke.

Tala visar ein liten nedgang i søkartala for Volda, status quo i ­Molde og ein auke på 222, eller 17 prosent i ­Ålesund. Dette er ikkje ein ny trend. Dei siste 5 åra har talet på søkarar med NTNU ­Ålesund (Høgskolen i ­Ålesund fram til 2015) som første­val auka med over 60 prosent. I Molde er tilsvarande tal 6 prosent og for Volda minus 12 prosent.

Hausten 2015 var det registrert 2 071 studentar i ­Molde, 2 228 i ­Ålesund og 3 057 i Volda. For ­Molde var dette ein liten tilbakegang frå 2014 (men høgare enn 2013), mens det var ein liten auke for dei to andre institusjonane.

Auke i talet på tilsette

Ved utgangen av 2015 var det registrert 723 tilsette ved dei tre høgskolane i fylket. Med 306 tilsette hadde Volda flest, men det var kun marginal auke frå året før. ­Molde auka med 4 prosent til 178, mens det i ­Ålesund vart 7 prosent fleire, og høgskolen har no 239 tilsette.

Oversikta viser ein kraftig auke i publikasjonspoeng frå 2014-15 for alle høgskolane, men ein ny berekningsmåte frå 2015 gjer det vanskeleg å samanlikne med åra før. Med 111,6 publiseringspoeng ligg Volda høgast her i fylket, mens ­Molde har 98 og ­Ålesund 80,1.

Søknadar (alle studieønske) til høgare utdanning frå Møre og Romsdal etter mottakarfylke og år

Last ned

Søkartal, Registrerte studentar, Publikasjonspoeng og Tilsette

Last ned