Søkarar og elevar

Søkarar og elevar

Fleire tar vidaregåande utdanning

Det er 23 fylkeskommunale vidaregåande skolar i Møre og Romsdal og tre private (Akademiet vgs i ­Molde og ­Ålesund, samt Vestborg vgs i Stranda). I tillegg er det ein fylkes­kommunal fagskole i ­Ålesund og ein i ­Kristiansund, og to private fagskolar i ­Ålesund (Petroleumsteknisk Akademi AS og ­Ålesund kunstfagskole).

Dei vidaregåande skolane skal gi utdanningstilbod til innbyggarar i eigen kommune, region og også i landsdelen, gjennom såkalla landslinjer. Eksempel på det er yrkessjåføropplæringa ved ­Kristiansund vgs.

I alt er det 10 285 elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Av desse går 9 993 på vidaregåande skole i eige fylke.

Tala for elevar som er tatt opp, og søkarane etter første ønske (begge med ungdomsrett) viser at dei vidaregåande skolane i ­Molde, ­Ålesund og ­Kristiansund er mest populære. Dette er i tråd med tidlegare år. Til saman har desse skolane 60,5 prosent av alle elevane og 57,7 prosent av søkarane i fylket.

Borgund vgs er den største skolen både i elevtal (842) og i talet på søkarar med ungdomsrett etter førsteønsket deira (937). Fagerlia vgs hadde søkarar frå heile 32 av kommunane i fylket, mens Borgund hadde elevar frå flest kommunar (30). Landbruksskolen Gjermundnes vgs hadde elevar frå 29 av kommunane i fylket. 95 prosent av søkarane til Sykkylven vgs var frå eigen kommune, noko som var høgast i fylket. Herøy vgs, avdeling Vanylven, hadde flest elevar frå eigen kommune (88 prosent).

Våren 2016 var det i alt 435 studentar ved fagskolane i fylket. 255 studerte ved Fagskolen i ­Ålesund og 148 ved ­Fag­skolen i ­Kristiansund, 23 ved ­Ålesund kunstfagskole og 9 ved ­Petroleumsteknisk Akademi AS. Av dei 435 studentane var 376 menn og 59 kvinner. Det var ingen kvinner på ­Petroleumsteknisk Akademi AS, men det var overvekt av kvinner på ­Ålesund kunstfagskole.

Elevar (2015-2016) og søkarar (2016-2017) med ungdomsrett til vidaregåande opplæring

Last ned

Aktive studentar ved fagskolane i Møre og Romsdal

Last ned

Elevar med ungdomsrett fordelt etter bustadkommune, 2015-2016 (skolar med 10 eller fleir elevar frå fylket)

Last ned

Søkarar til vgs etter første ønske med ungdomsrett, fordelt etter bustadkommune, 2016-2017 (skolar med 15 eller fleir søkarar frå fylket)

Last ned