Kompetanse hos tilsette i skolesektoren

Kompetanse hos tilsette i skolesektoren

Fleire med barnehagelærarutdanning

Den formelle kunnskapen blant dei tilsette i barnehagane viser ein positiv trend frå 2014 til 2015. 38,5 prosent av dei tilsette har barnehagelærarutdanning (33,1 prosent) eller anna pedagogisk utdanning (5,4 prosent). Dette er ein auke på 4,1 prosentpoeng, men 5,7 prosentpoeng under landsgjennomsnittet. I fylket var delen leiarar og pedagogiske leiarar med utdanning som barnehagelærar 88,7 prosent i 2015.

Det er også store endringar i enkelte kommunar frå 2014. Noko av dette kan skuldast at det er få tilsette i barnehagesektoren i ein kommune. Sunndal har størst del med barnehagelærarutdanning (46,4 prosent). I Norddal og Volda auka delen med barnehagelærarutdanning mest, mens han fall mest i Sandøy og Eide. I sju kommunar har alle leiarar og pedagogiske leiarar denne utdanninga. Desse kommunane er Rindal, Smøla, Ørskog, Aure, Norddal, Averøy og Stordal. Dei tre største byane i Møre og Romsdal ligg her om lag midt på lista for fylket.

Lågare del lærarar med pedagogisk utdanning i grunnskolen

I Møre og Romsdal hadde 85,4 prosent av lærarane utdanning frå universitet eller høgskole og pedagogisk utdanning i 2015. Dette er 1,5 prosentpoeng lågare enn i 2014. Ytterlegare 6,0 prosent har utdanning frå universitet eller høgskole utan pedagogisk utdanning, ein auke på 0,5 prosentpoeng. Del lærarar med berre vidaregåande utdanning eller lågare har auka med 1,0 prosentpoeng til 8,1 prosent. Endringane i fylket er i tråd med tal for resten av landet. Møre og Romsdal skil seg ikkje mykje frå landet når det gjeld kompetansen til lærarane.

På Smøla har 27,5 prosent av lærarane ikkje utdanning frå universitet eller høgskole, mens 57,5 prosent har pedagogisk utdanning. Tilsvarande tal frå Rindal viser at 95,0 prosent av lærarane har både høgare utdanning og pedagogisk utdanning, mens ingen berre har vidaregåande utdanning eller lågare utdanning.

Del tilsette i barnehagar og grunnskolar, etter kompetanse, prosent

Last ned