Grunnskolepoeng

Grunnskolepoeng

Skilnad på karakterane til jenter og gutar

Grunnskolepoeng er eit samla mål for fagkarakterane til elev­ane ved avslutninga av det 10. trinnet. Alle talkarakterane, både eksamen og standpunkt, blir summert, og summen blir delt på talet på karakterar. Dette gjennomsnittet blir deretter multiplisert med 10. Det blir ikkje berekna grunnskolepoeng for elevar som manglar karakter i meir enn halvparten av faga.

Det var om lag 3 000 personar som gjekk ut av 10. trinnet i grunnskolen i fylket i 2015. I denne gruppa av elevar hadde jentene fleire grunnskolepoeng enn gutane. Gjennomsnittet i Møre og Romsdal for jenter var 43,0 og for gutar 38,4 grunnskolepoeng. Samla var gjennomsnittet 40,7. Samanlikna med landsgjennomsnittet er dette likt for jentene og 0,2 poeng lågare for gutane. Av fylka er Møre og Romsdal på delt 7. plass for jenter og delt 10. plass for gutar. Hordaland og ­Akershus ligg høgast i poeng for jentene (43,8 grunnskole­poeng). For gutane ligg Akershus høgast (39,9 poeng).

Flest grunnskolepoeng i Stordal

Det er store forskjellar mellom kommunane når det gjeld grunnskolepoeng. Flest poeng har elevane i Stordal, med 44,8 poeng. Færrast poeng har Hareid med 36 grunnskolepoeng. ­Kristiansund ligg høgast av dei tre største byane med 41,1. Tett følgd av ­Ålesund med 41,0 og ­Molde på 40,8.

I Rindal har jentene 9,2 grunnskolepoeng meir enn gutane. Meir enn 8 poeng skil det også i Sande, Midsund, Hareid og Sykkylven. I Ørskog og Tingvoll gjer gutane det betre enn jentene, med høvesvis 3,1 og 0,3 grunnskolepoeng. Samla for begge kjønn har 24 av kommunane i Møre og Romsdal like mange eller fleire grunnskolepoeng enn gjennomsnittet i fylket, inkludert alle dei tre største byane.

Det er ikkje nok elevar i Stordal og Sandøy til at ein kan bryte tala ned på kjønn av omsyn til elevane sin anonymitet.

Gjennomsnittleg grunnskolepoeng etter fylke for jenter

Last ned

Gjennomsnittleg grunnskolepoeng etter fylke for gutar

Last ned

Gjennomsnittleg grunnskolepoeng etter kommune

Last ned