Fullføring i vidaregåande skole

Fullføring i vidaregåande skole

76 prosent fullførte vidaregåande opplæring i løpet fem år

Det er eit mål at flest mogleg elevar og lærlingar skal fullføre og bestå vidaregåande opplæring. Her viser vi kor stor del av elevane og lærlingane som har gjennomført og ­bestått vidare­gåande opplæring i løpet av fem år.

76 prosent av elevane som starta vidaregåande skole i fylket i 2010, fullførte i løpet av fem år. Det er om lag tre prosent høgare enn for 2009-kullet, og om lag tre prosent høgare enn for landet.

Ein del elevar som ikkje fullfører i løpet av fem år, fullfører på eit seinare tidspunkt. Desse personane er ikkje med i denne statistikken, men dei er med samla sett for befolkninga som har gjennomført vidaregåande utdanning.

Gjennomføring beskriv resultatet av opplæringa for elevar som begynner i vidaregåande opplæring for første gong, fem år etter at dei begynte på vidaregåande.

Stor forskjell på kommunane når det gjeld gjennomføring

Som tidlegare år er det store forskjellar på kommunane i fylket når det gjeld gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det er vanskeleg å finne klare samanhengar i desse tala. Når ein les tala, må ein vere klar over at kulla kan vere små i enkelte kommunar, og at resultatet for enkeltelevar kan bety mykje for totalen. Dette gjer at tala kan svinge ganske mykje frå år til år.

For 2010-kullet var Halsa best med ei fullføring på 94 prosent i løpet av fem år. Det er langt over landsgjennomsnittet på 73 prosent og fylkesgjennomsnittet på 76 prosent. Rindal og Stranda er også over 90 prosent. Lågast er Eide med 59 prosent.

Del elevar fullført i løpet av fem år, 2010-kullet

Last ned

Fullføringsgrad etter fem år i vidaregåande skole etter startår, prosent

Last ned

Fullført i løpet av normert tid og fem år, prosent

Last ned