Tannhelse

Tannhelse

Tannhelsa i Møre og Romsdal er betre

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, som driv helsefremmande og førebyggande arbeid og gir gratis tannbehandling til prioriterte grupper. Dette er i hovudsak barn og unge, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Hovudoppgåva er å medverke til livslang god tannhelse.

Fylkestannlegen er fagleg og administrativ leiar for tann­helse­tenesta. Den utøvande verksemda er organisert i fire kompetanse­regionar, som kvar blir leia av ein overtannlege. Tenestene blir utført på 37 distriktstannklinikkar.

Karies er ein indikator som kan synleggjere tannhelsa. Fem­åringar, tolvåringar og attenåringar blir brukte som indikator­årskull. Det er relativt store kommunevise variasjonar, som kan vere vanskeleg å forklare ut frå demografiske eller sosioøkonomiske faktorar. Men samla for fylket er tilstanden stabil for alle dei tre årskulla. Store variasjonar frå år til år speglar at dei minste kommunane har små årskull.

Tannhelsa i fylket er om lag som i landet elles. Ho er litt betre enn i landet totalt for femåringar og litt dårlegare for tolv- og attenåringar. Vi ser ei markant betring i tannhelsa dei siste tiåra, noko som i hovudsak skuldast satsing på førebyggande tiltak i regi av den offentlege tannhelsetenesta og auka medvit i befolkninga om god munnhygiene.

I 2015 var 74 594 personar, eller nærare 30 prosent av innbyggarane i fylket, under tilsyn av tannhelsetenesta. Store delar av befolkninga som har rettar etter tannhelselova, har eit regelmessig og oppsøkande tilbod ved distriktstannklinikkane. Eldre og uføre og ungdom i alderen 19 til 20 år har relativt høg vekst, mens den største gruppa, barn og unge under 18 år, viser stabilt høge tal. Gruppa barn og unge utgjer 51 356 personar i 2015.

Del femåringar, tolvåringar og attenåringar utan karieserfaring, 2004-2015, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Tilsyn med lovpålagte målgrupper i den ­offentlege tannhelsetenesta, 2012-2015

Last ned

Del personar heilt utan karies, etter alder, prosent

Last ned