Sysselsetting på korttidsopphald

Sysselsetting på korttidsopphald

Størst reduksjon i sysselsette på korttidsopphald

Sysselsette på korttidsopphald er definert som lønnstakarar som ikkje er registrert som busette i fylket. Denne gruppa har hatt sterk vekst dei siste åra – heile 127,4 prosent i perioden 2010 til 2014. For 2015 ser vi at den generelle nedgangen i syssel­settinga er spesielt sterk for denne gruppa arbeids­takarar.

I 4. kvartal 2014 var 5 697 personar sysselsette på korttidsopphald, mens talet fall til 3 169 i 4. kvartal 2015. Dette representerer ein reduksjon på 44,4 prosent. Talet på sysselsette totalt i fylket gikk ned med 3,1 prosentpoeng frå 2014 til 2015, så nedgangen for sysselsette på korttidsopphald er dramatisk høgare. Deira del av den samla sysselsettinga i fylket har gått ned frå 4,1 prosent til 2,5 prosent.

Det er framleis klart flest sysselsette på korttidsopphald frå EU-land i Aust-Europa. Heile 80,2 prosent kjem frå desse landa. Sjølv om desse framleis utgjer den største delen, er det her vi har sett den største nedgangen – 4 394 personar i 2014 var i 2015 redusert til 2 540 personar, ein reduksjon på 42,2 prosent. Sysselsette frå Norden og Vest-Europa elles utgjer 14,3 prosent av sysselsette på korttidsopphald, og denne gruppa viser liknande nedgangstakt som gruppa frå Aust-Europa.

Det er framleis eit stort fleirtal menn som kjem til fylket for å arbeide i kortare tid. Tendensen dei seinare åra har vore at menn innan industri og formidling og utleige av arbeidskraft har dominert gruppa. I 2014 var 88,4 prosent av sysselsette på korttidsopphald menn, og 60 prosent av dei arbeidde innan sekundærnæringar i fylket. For 2015 er talet sysselsette på korttidsopphald i desse næringane nær halvert. Slik reflekterer tala utviklinga vi har sett i næringsstruktur og syssel­setting generelt.

Lønnstakarar ikkje registrert busette etter landbakgrunn per 4. kvartal, Møre og Romsdal*

Last ned

Sysselsette i Møre og Romsdal etter busettingsstatus per 4. kvartal 2011-2015*

Last ned

Lønnstakarar ikkje registrert busette, etter kjønn per 4. kvartal, Møre og Romsdal

Last ned

Sysselsette på korttidsopphald etter kjønn og næring i Møre og Romsdal, per 4. kvartal 2014 og 2015

Last ned