Sysselsetting menn og kvinner

Sysselsetting menn og kvinner

Vekst i sysselsetting av kvinner – framleis ein kjønnsdelt arbeidsmarknad

Sysselsettinga blant kvinner har auka nesten dobbelt så ­mykje som blant menn her i fylket sidan 2008. Den viktigaste årsaka til dette er at det etter ein langvarig vekst i sysselsettinga kom ein relativt sterk nedgang frå 2014 til 2015 for menn (-3 089) mens nedgangen er svakare for kvinner (-1 053). Dette har ført til at sysselsettingsgraden er noko utlikna mellom kjønna. I 2015 var denne på 69,5 prosent for menn og 65 prosent for kvinner, begge delar mellom dei høgaste i Noreg.

Årsaka til den store forskjellen i nedgang i sysselsetting mellom kjønna er den særs kjønnsdelte arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal. Lågkonjunkturen har i stor grad råka industrien, bygg- og anleggssektoren samt de petroleumsretta verksemda i fylket, og her er det ei klar overvekt av menn blant dei syssel­sette. Bygg- og anlegg har den lågaste delen sysselsette kvinner av alle bransjar. Her arbeider det 9 477 menn (92 prosent) og 818 kvinner (8 prosent). I den andre enden av skalaen finn vi helse- og sosialtenester, der det er 23 569 (85 prosent) kvinner, men berre 4 173 menn (15 prosent) er sysselsette. I industri og transportbransjen er det også ein låg del kvinner, mens mennene er i klart mindretal i hotell- og restaurant og undervisning. Det er også slik at menn er i fleirtal i privat sektor, mens kvinnene dominerer i offentleg sektor.

Ser vi på alder og kjønn i eit sysselsettingsperspektiv, finn vi at blant dei yngre arbeidstakarane er yrkesdeltakinga relativ lik, mens mennene dominerer meir og meir med aukande alder. Dette kan tyde på at kjønnsforskjellen når det gjeld yrkesdeltaking kan jamne seg ut noko i framtida. Vi ser ­ikkje ein tilsvarande tendens når det gjeld yrkesval blant unge som når det gjeld yrkesdeltaking. Dei unge vel framleis svært tradisjonelt og kjønnsdelt.

Sysselsette i Møre og Romsdal etter kjønn

Last ned

Sysselsette i Møre og Romsdal etter alder og kjønn

Last ned

Sysselsette i Møre og Romsdal etter næring og kjønn, prosent

Last ned