Sysselsetting innvandrarar

Sysselsetting innvandrarar

Lågare nedgang i sysselsettinga blant innvandrarar enn i befolkninga elles

Yrkesdeltakinga i Møre og Romsdal er høg, både målt i befolkninga samla, men også blant innvandrarane i fylket. I alt er det 132 445 sysselsette som er busett i fylket, og av dei er 15 909 innvandrarar.

Innvandrarbefolkninga er delt inn i to grupper i syssel­settingsstatistikken: Gruppe 1 er innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Desse utgjer 68,0 prosent av alle sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal. Gruppe 2 er innvandrarar frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU\EFTA og Oseania utanom Australia. Desse utgjer dei resterande 32,0 prosentane av sysselsette innvandrarar i fylket.

Av den samla befolkninga i fylket er 69,5 prosent av mennene sysselsette og 65,0 prosent av kvinnene. Blant innvandrarane i fylket er delen sysselsette litt lågare, med 65,7 prosent av mennene og 60,7 prosent av kvinnene. Dette er høgare enn landsgjennomsnittet for innvandrarar, både for menn og kvinner. Høgast er sysselsettinga blant innvandrarane frå landa i gruppe 1, noko som ikkje er unaturleg då det er frå desse landa mange av arbeidsinnvandrarane til fylket og landet kjem. Blant innvandrarane frå gruppe 2 gikk delen syssel­sette menn ned frå 54,9 prosent til 49,9 prosent, og dette er no den einaste gruppa der delen sysselsette er lågare i Møre og Romsdal enn på landsbasis.

Frå 2014 til 2015 gikk sysselsettinga blant dei busette i fylket ned med 3,2 prosent, mens nedgangen var lågare blant innvandrarane, der han var på 1,5 prosent. Blant innvandrarane frå gruppe 1 gikk sysselsettinga ned med 2,9 prosent, mens sysselsettinga blant innvandrarar frå gruppe 2 vaks med 1,7 prosent. Kjønnsfordeler vi veksten i gruppe 2, ser vi at talet sysselsette menn auka med 0,9 prosent og kvinner med 2,2 prosent.

Sysselsette innvandrarar, 15-74 år, etter bustadfylke, landbakgrunn og kjønn, 4. kvartal 2015

Last ned