Sysselsetting alle næringar

Sysselsetting alle næringar

Færre sysselsette over heile landet

Talet på sysselsette gjekk ned frå 2 650 000 i 2014 til 2 587 704 i 2015, ein nedgang på 2,4 prosent eller 62 296 sysselsette. Ein må tilbake til 2009 for å finne eit år da sysselsettinga på landsbasis gikk ned frå året før. Da var nedgangen på 1,1 prosent, og var knytt til problema i finansmarknadane. Den høge nedgangen no kan skuldast omlegginga av statistikken til SSB (som tidligare nemnt), men samtidig ser vi at tala for Møre og Romsdal i stor grad harmonerer med utviklinga i næringslivet i fylket.

Rogaland var, ikkje overraskande, det fylket som hadde størst nedgang i talet på sysselsette frå 2014 til 2015, med ein ned­gang på 4,6 prosent eller 11 398 sysselsette. Rogaland, Finnmark og Aust-Agder var dei tre fylka som hadde større prosentvis nedgang enn Møre og Romsdal. Ingen av fylka opplevde vekst i syssel­settinga, men nedgangen var lågast i Troms, med 0,7 prosent.

Normalt har utviklinga i sysselsettinga hatt ein relativt klar geografisk profil i Møre og Romsdal. Veksten har kome langs kysten, og særleg langs aksen frå Søre Sunnmøre til ­Kristiansund. Indre og nordlege delar av fylket har opplevd svakare vekst og dels også nedgang i talet på sysselsette. Frå 4. kvartal 2014 til 4. kvartal 2015 opplevde derimot berre fire kommunar ein vekst i sysselsettinga. Det var Volda, Sunndal, Gjemnes og Sandøy. Høgast var veksten i Volda med 144 sysselsette (3,3 prosent).

Om vi måler nedgangen i sysselsetting i talet på sysselsette, ser vi at nedgangen var størst i dei folkerike kommunane. ­Ålesund, Molde, ­Kristiansund og Ørsta hadde den største nedgangen i talet på sysselsette, mens den prosentvise nedgangen var klart størst i Sande. Nedgangen i Sande var på nær 15 prosent, noko som er den fjerde største nedgangen av alle kommunane i landet. Fylket totalt sett hadde ein reduksjon på 4 142 sysselsette eller 3,1 prosent.

Sysselsette, 15-74 år, etter arbeidsstadsfylke. Personar og prosentvis endring, 2014-2015 og 2011-2015

Last ned

Sysselsettingsendringar, 2014-2015

Last ned

Prosentvis nedgang i tal sysselsette i fastlands-Noreg, 2014-2015

Last ned