Reiseliv

Reiseliv

Ferie- og fritidssegmentet aukar mest

I perioden januar – juli 2016 hadde Møre og Romsdal 896 337 overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Ein auke på 6,9 prosent samanlikna 2015. Nordmenn på ferie i fylket auka med 2,1 prosent frå 2015 (ei auke på 11 909 til 581 185 overnattingar). Internasjonale gjestedøgn auka med 17,1 prosent frå 269 141 til 315 152 overnattingar. Den største auken kom på campingplassar og hyttegrender der auken var på heile 18,7 prosent. Det er verdt å nemne at nettopp dette segmentet hadde størst nedgang i same periode i 2015. Fjord Noreg-regionen har i same periode hatt ein samla auke på 3,7 prosent medan landet totalt sett har hatt ein auke på 4,2 prosent i denne perioden.

Hotellsegmentet har i perioden januar-juli 2016 hatt ein auke på 0,9 prosent frå 554 449 til 559 186 overnattingar. I den samanhengen er det verdt å nemne at ferie/fritidssegmentet har ein auke frå 289 629 til 297 623 overnattingar som representerer ein auke på 2,8 prosent. Yrkestrafikken har i same periode hatt ein nedgang på 6 prosent. Hotella i ­Ålesund hadde ein auke på 1,9 prosent, Molde ein nedgang 4 prosent, Geiranger ein nedgang på 3,9 prosent og ­Kristiansund ein nedgang på 11,5 prosent. Nedgangen i ­Kristiansund skuldast delvis situasjonen innan olje- og gassektoren. Hotella i dei tre byane har alle auke i ferie/fritidssegmentet.

Nordmenn er det viktigaste kundesegmentet i Møre og Romsdal og representerte i 2015 69 prosent av det totale talet på overnattingar. For hotellnæringa er innanlandsgjestar ei enda større kundegruppe (73,7 prosent i 2015). Tyskland den største utanlandskmarknaden, følgd av Sverige, Nederland og Storbritannia. Kina er i ferd med å bli ein viktig marknad for Møre og Romsdal med ein auke på 63,0 prosent frå 2014 (frå 8 799 til 14 342 overnattingar).

Observert overnattingsstatistikk kan avvike frå den registrerte som ein følgje av feil rapportering. Nye rapporteringsrutiner frå januar 2017.

Samla kommersielle overnattingar, januar til juli 2015 og 2016, etter region

Last ned

Tal overnattingar etter type, 2015 og 2016

Last ned

Samla kommersielle overnattingar etter landbakgrunn, 2014 og 2015

Last ned

Hotellovernattingar, januar-juli, 2015 og 2016

Last ned

Formål med hotellovernattingar, januar-juli 2016, etter region

Last ned