Petroleum

Petroleum

80 prosent fall i driftsresultat i 2015

Analysen Impello har gjort av olje- og gassnæringa i Norske­havs­regionen, viser at det i juni 2016 var 15 694 tilsette i olje- og gassnæringa i Møre og Romsdal, om lag 17 prosent lågare enn i august 2015*. Ein viktig drivar for reduksjonen var omsetningsfallet på 22 prosent i 2015. Omsetninga i 2014 og 2015 var høvesvis 61 og 47 milliardar kroner. Dramatisk var også nedgangen i driftsresultatet på om lag 80 prosent. Av fylka i Norske­havs­regionen (Møre og Romsdal, Sør-­Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland) er Møre og Romsdal hardast ramma.

Petroleumsnæringa står sterkt i Møre og Romsdal. På Tjeld­berg­­odden er det ein mottaksterminal for gass. Knytt til denne er Europas største metanolfabrikk, eit LNG-anlegg og ein luftgassfabrikk. I ­Kristiansund er det stor aktivitet kring logistikk til petroleumsnæringa gjennom Vestbase. Byen og Nordmøre har sterke driftsmiljø for fleire oljeselskap, verft, mekaniske verkstadar og mange engineeringselskap. Prosess­anlegget på Nyhamna (Aukra) er ein viktig drivar for nærings­aktiviteten i Romsdalsregionen. Molde har ein inter­nasjonal posisjon innan kraner og tungløft, og i regionen er det verft, mekaniske verkstadar og eit tungt engineeringmiljø innan maritim olje/gass. På Sunnmøre er det ei maritim klynge i verdsklasse (sjå eigen artikkel) og aktivitet knytt til design, bygging og drift av offshorefartøy, vedlikehald og modifikasjon, underleveransar, utstyr og sørvis- og støtte­tenester. Mykje av den petroleumsretta aktiviteten er knytt til andre næringar, så nokre selskap er med i fleire næringar.

* Om lag 80 prosent av selskapa har offentlege tal for 2015. For dei resterande selskapa er eldre tal nytta. SSB endra statistikken for sysselsette i 2015, så tala før 2015 og tala frå 2015 kan ikkje samanliknast direkte.

Tilsette i petroleumsnæringa i Møre og Romsdal

Last ned

Driftsresultat i petroleumsnæringa i Møre og Romsdal

Last ned

Omsetning i petroleumsnæringa i Møre og Romsdal

Last ned

Omsetning i petroleumsnæringa i Norskehavsregionen

Last ned