Nyetableringar

Nyetableringar

Stor auke i nyetableringar i fylket

I2015 vart det registrert 2 142 nye føretak i Møre og ­Romsdal. Dette er 221 fleire nyetableringar enn året før, ein auke på 11,5 prosent. I landet elles gikk talet på nyetableringar opp med om lag 6,1 prosent. Berre Finnmark og Vest-Agder har større prosentvis auke enn Møre og Romsdal.

Dei fleste etableringane skjer i byane

916 eller 42,8 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablerte i ­Ålesund, Molde og ­Kristiansund. Av desse vart nesten halvparten (440) etablerte i ­Ålesund. Etter byane ser vi at Sunnmøre har flest etableringar i Volda (78), Ulstein (77) og Herøy (76). Romsdal har flest etableringar i Fræna (57), Rauma (54) og Vestnes (44), og på Nordmøre er det flest etableringar i Averøy (56), Surnadal (54) og Sunndal (44).

Etableringsgrad er eit mål som blir nytta for å samanlikne etablerings­aktiviteten innanfor ulike område. Etablerings­graden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føre­tak. I 2015 var etableringsgraden i Møre og ­Romsdal på 12 prosent. Det er 2 prosent lågare enn i landet elles. I 2015 var etableringsgraden høgast i Aukra og lågast var han i Midsund. Fem kommunar hadde høgare eller lik etableringsgrad som landet elles.

Målt i føretak per 1 000 innbyggarar, var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn landsgjennomsnittet. Flest føre­tak per 1 000 innbyggarar var det i Averøy, ­Kristiansund og Ørskog.

Høg overlevingsgrad

Bedriftene i Møre og Romsdal klarer seg betre enn gjennomsnittet i landet. Totalt vart det etablert 1 821 nye føretak i 2008. Fem år seinare var 594 eller 32,6 prosent av føretaka framleis i drift. For landet var delen 28,7 prosent i same periode. Blant fylka var det berre Sogn og Fjordane og Oppland som hadde høgare overlevingsgrad etter 5 år enn Møre og Romsdal.

Tal føretak, nyetableringar, etableringsgrad og nyetableringar per 1000 innbyggarar, 2015

Last ned

Prosentvis endring i nyetableringar siste året (2014-2015)

Last ned

Relativ del nyetablerte føretak i drift fem år etter oppstart i 2008

Last ned