Næringsstruktur

Næringsstruktur

Kraftig fall i sysselsettinga

Fallet i oljeprisen, som starta sommaren 2014, har påverka arbeidsmarknaden i Møre og Romsdal. Frå 2014 til 2015 (4. kvartal) fall sysselsettinga med 3,1 prosent eller 4 142 syssel­sette. Nedgangen var størst i næringane som enten ­direkte eller indirekte er knytte til oljeindustrien. I prosent var nedgangen størst innan bergverkdrift og utvinning, mens i tal sysselsette var nedgang størst i industri. Berre tre næringar vaks i perioden. Det var innan offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring, i helse- og sosialtenester og personleg tenesteyting.

Ser vi på utviklinga i eit litt lengre perspektiv (2011-2015), ser vi at tala syner at nedgangen frå 2014 til 2015 var høgare enn den samla veksten i perioden 2011 til 2014. Dette gjer at fylket i perioden kjem ut med nedgang, sjølv om det berre er eitt år i tidsrekka da det har vore nedgang for fylket sett under eitt. Dei to næringsgruppene der nedgangen i tal sysselsette var høgast, var i jordbruk, skogbruk og fiske, og i industri. Den prosentvise nedgagen var størst innan jordbruk, skogbruk og fiske, med ein nedgang i perioden på nær 20 prosent.

Samanliknar vi næringsstrukturen i fylket med næringsstrukturen i landet, ser vi at vi har ein høgare del sysselsette i sekundærnæringane og i jordbruk, skogbruk og fiske, og helse- og sosialtenester. På landsbasis har ein derimot ein høgare del sysselsette innan sørvisnæringane, offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring og personleg tenesteyting.

Frå og med 2015 bygger sysselsettingsstatistikken til SSB på nye datakjelder. Tala blir ikkje lenger samordna med tala frå Arbeidskraftsundersøkelsene (AKU). Statistikken bygger på ei ny kjelde, kalla a-ordninga, der data frå NAV til dette registeret blir samordna med rapportering av lønns- og personell­data til Skatteetaten og SSB. Dette vil på sikt medføre hyppigare publiseringar og betre data.

Sysselsette personar i Møre og Romsdal, 4. kvartal 2011-2015*

Last ned

Næringsstruktur, Møre og Romsdal og landet, 2015

Last ned

Sysselsette personar, etter arbeidsstad og næring, 4. kvartal 2015, i absolutte tal

Last ned

Sysselsette personar, etter arbeidsstad og næring, 4. kvartal 2015, i prosent

Last ned