Møbelindustri

Møbelindustri

Auke i møbeleksporten

Møbelnæringa i fylket hadde ei omsetning på 4,6 milliardar kroner i 2014 med eit samla resultat før skatt på i underkant av 350 millionar kroner (TEMP 2015). Dette er på linje med 2013 både i omsetning og resultat. Omsetninga i møbel­næringa i resten av landet gikk ned med nær 1,5 milliardar kroner frå 2013 til 2014. Møre og Romsdal står dermed for over 50 prosent av omsetninga i næringa.

Tal frå SSB viser eksportvekst for møbelnæringa både i 2015 og så langt i 2016, noko som gjer at det er grunn til å tru på auka omsetning for bedriftene når tala for 2015 og 2016 er klare.
Den gode utviklinga i 2016 kjem på toppen av vekst i ­eksporten frå 2014 til 2015 på nær seks prosent. Ein svært gunstig kronekurs utgjer ein god del av forklaringa på den sterke veksten i eksporten. Kronekursen gjer og import av innsatsfaktorar til produksjonen dyrare, så kor stor positiv effekt kronekursen har for den enkelte bedrifta, vil variere.

Møre og Romsdal er framleis tyngdepunktet

Møre og Romsdal har fleire av dei store lokomotiva i næringa, inkludert Ekornes som det største. Men det er også omfattande leverandørindustri i fylket, noko som gjer næringa viktig for Møre og Romsdal. Sysselsettinga har gått ned over tid. Om lag 1 950 tilsette arbeidde i møbelindustrien i Møre og Romsdal i 2015, noko som utgjer om lag 40 prosent av alle tilsette i møbelindustrien.

Viktig supplement til råvarebasert næringsliv

Store delar av næringslivet i Møre og Romsdal, og i Noreg elles, er knytt til utvinning og bearbeiding av råvarer. Møbelnæringa er i front med å bygge kunnskap om merkevarebygging og internasjonalisering. Dette er kunnskap som også er viktig for resten av næringslivet.

Tilsette i møbelindustrien i Møre og Romsdal og Noreg

Last ned

Omsetning for møbelnæringa i Møre og Romsdal og Noreg

Last ned