Maritim klynge

Maritim klynge

Maritim næring framleis viktig

Den maritime næringa er svært viktig for Møre og Romsdal. Fylket har ei komplett klynge med reiarlag, designselskap, verft og leverandørar. Tal frå Maritim verdiskapingsbok viser at maritime aktørar i 2014 omsette for om lag 70 milliardar kroner og hadde om lag 17 000 tilsette. Den maritime næringa i Møre og Romsdal er sterkt knytt til petroleumsaktiviteten, og låg oljepris har fått store konsekvensar for næringa. Det er venta at omsetninga og driftsmarginane for 2015 og inneverande år vil bli lågare enn i 2014.

Tungt for reiarlaga

Alle delar av den maritime klynga har fått merke nedturen og har permittert og sagt opp tilsette. I august 2016 ligg 96 offshoreskip i opplag. 31 tilhøyrer reiarlag frå Møre og Romsdal. Talet på skip i opplag har vore rundt 100 i store delar av 2016. Underskot i drifta kombinert med høg gjeld har gjort at mange av reiarlaga har vore i dialog med kreditorar om refinansiering.

Tett dialog mellom reiarlag, verft, design og leverandører har vore viktig for å få til gode og innovative løysingar. Den lokale eigarskapen i reiarlaga har vist seg svært viktig for utviklinga av den maritime klynga, og det er knytt stor spenning til korleis den framtidig eigarskapen for reiarlaga vil sjå ut framover.

Endring i ordretype

Ordrestatistikken for verft i Noreg viser at talet på ordrar frå august 2015 til august 2016 ikkje er vesentleg endra. Men samansetninga av kontraherte skip har endra seg. Færre skip er planlagt leverte til offshoremarknaden.

Den maritime næringa i Møre og Romsdal har tilpassa seg endringar i marknaden og rammetilhøva. Endringane i ordrereservane viser at næringa framleis har den evna. Luksusyachtar, avanserte skip til oppdrettsnæringa, ekspedisjonsskip og skip til mineralleiting på havbotnen er eksempel på skip som blir bygde og kontraherte i 2016.

Skip i oppplag, august 2015

Last ned

Ordreliste for verft i Møre og Romsdal, tal skip

Last ned

Omsetning og driftsmargin i Møre og Romsdal, 2014

Last ned

Verdiskaping i maritim næring i Møre og Romsdal, 2014

Last ned