Landbruk

Landbruk

Auka kjøttproduksjon i 2015

Kjøttproduksjonen i Møre og Romsdal har dei siste ti åra vist ein jamt fallande tendens frå om lag 12 000 tonn i 2006 til vel 10 500 tonn i 2015. På same tid har produksjonen i ­Noreg auka, spesielt innanfor svine- og fjørfekjøtproduksjonen. ­Fylket vårt har nesten ikkje fjørfekjøttproduksjon.
På landsbasis har kutalet og produksjonen av storfekjøtt gått ned. I grovfôrfylket Møre og Romsdal utgjer storfekjøttproduksjonen den største delen av produksjonen – knappe 6 500 tonn i 2015. Fylket har fått ein mindre del av produksjonen på landsbasis. Han har gått frå 9,3 prosent i 2006 til 8,1 prosent i 2015. Fylket sin del av svineproduksjonen har stige litt gjennom tiårsperioden.

Det er teikn på at trenden med fallande produksjon er i ferd med å snu i Møre og Romsdal. Både storfekjøtt-, sauekjøtt- og svineproduksjonen har auka frå 2014 til 2015. Innanfor saue- og svineproduksjonen er det for tida overproduksjon, mens det for storfe er eit stort underskot av norskproduserte varer. Sommaren 2016 var det eit underskot på 14 500 tonn storfekjøtt – altså meir enn det dobbelte av produksjonen i Møre og Romsdal.

Hogstauke i Møre og Romsdal

Årleg hogst av gran er sjudobla dei siste ti åra. Furuhogsten er stabil med rundt 20 000 m3 årleg, og denne blir stort sett foredla lokalt. Auken i granhogsten er eit resultat av aktiv skogreising frå 50-åra og framover. Fylket har nesten ikkje bedrifter som skjer sagtømmer av gran. Derfor går sagtømmeret til Tyskland, Sverige og Trøndelag. Eksportert virke gir ei verdiskaping på fire gongar tømmerverdien, mot opp mot 12 gongar tømmerverdien for med eiga foredling. Tømmer blir eksportert med båt frå om lag 15 kaier. Massevirket av gran blir i hovudsak levert til Norske Skog i Skogn.

Konjunktursvingingar påverka tømmerprisen på 2000-talet. Toppar i 2007-2008 og 2011 skuldast direkte høge nord­europeiske prisar, da tømmer ikkje har tollvern eller subsidiar. Nedgangen frå 2012 kom etter orkanen Dagmar, da kvaliteten på tømmeret var dårleg, mens den svake oppgangen mot 2015 er valutastyrt.

Store strukturendringar

Frå 2006 til i dag har ein gjennomsnittleg mjølkeprodusent i Møre og Romsdal auka talet kyr frå 17 til 27. Samtidig er talet på mjølkebruk redusert med 670. Eit oversyn over endringane i kumjølkkvote frå 2008 til 2016 viser at kommunane Fræna, Surnadal, Nesset, Vestnes, Stordal, Haram og Eide har auka kvotane sine med meir enn 500 000 liter. Tradisjonelt sterke jordbrukskommunar som Smøla, Ørsta, Gjemnes, Volda, Vanylven og Sunndal har «tapt» mjølkekvote i denne perioden.

Den typiske mjølkeprodusenten

Den typiske mjølkeprodusenten i Møre og Romsdal er ein mann på 50 år, med båsfjøs bygd på åttitalet og ein kvote for 2015 på om lag 200 000 liter.

Ei undersøking gjort av Trøndelag Forsking og Utvikling viser at 96 prosent av mjølkeprodusentane må leige jord, og rundt halvparten av produksjonen er basert på leigd areal. Avtalane er normalt på 10 år. Dei fleste reknar med å fornye avtalane, men fleire opplyser at dei vil dyrke ny jord.

Eit viktig mål for undersøkinga var å finne ut korleis bøndene førebudde seg på kravet om lausdrift som var varsla frå 2024. Meir enn halvparten av dei med båsfjøs svarer at driftsbygninga har ei restlevetid på mindre enn 10 år. Etter at undersøkinga vart gjort, er fristen for å bygge om til lausdrift forlenga til 2034. Det kan godt tenkast at dette forandrar framtidsplanane for mange.

57 prosent av mjølkeprodusentane ville valt same yrke. Fleire enn kvar tredje vil auke produksjonen, mens dei fleste seier at nivået kjem til å bli som i dag. Bønder som har investert i «robotfjøs», vil auke produksjonen mest. Knapt halvparten seier at generasjonsskiftet kjem om 5 til 10 år, mens 40 prosent svarer at dette må avklarast innan 5 år.

Slaktemengde utvalde dyr, Møre og Romsdal

Last ned

Årleg sagtømmerpris, Møre og Romsdal

Last ned

Hogst av treslag, Møre og Romsdal, m³

Last ned

Kumjølkkvoter totalt per kommune i Møre og Romsdal, 2016, liter

Last ned

Kumjølkkvote, 2008-2016, prosentvis endring

Last ned