Fiskeri og havbruk

Fiskeri og havbruk

Sjømateksporten auka med sju prosent

Noreg eksporterte sjømat til ein verdi av 74,5 milliardar kroner i 2015. Dette er åtte prosent, eller 5,7 milliardar kroner, meir enn året før. Møre og Romsdal stod for 22 prosent av sjømateksporten målt i verdi, og 19 prosent av volumet. I 2015 utgjorde dette 16,6 milliardar kroner og 488 000 tonn. Dette er ein eksportauke på sju prosent eller 1,1 milliardar kroner samanlikna med 2014. Samtidig gikk eksportvolumet ned med sju prosent eller 39 000 tonn. Tala viser at verdien av norsk sjømat aldri har vore høgare enn dei tre siste åra. Tala frå Møre og Romsdal viser derimot at fylket i same periode står for mindre av sjømateksporten både i verdi og volum. Dette har blant anna samanheng med at store selskap har flytta salsavdelingane sine ut av fylket.

Havbruk har vorte ei viktig næring for norsk sjømateksport, der laks er den viktigaste arten. I 2015 vart det eksportert laks for 47,7 milliardar kroner, ein auke på ni prosent eller 3,9 milliardar kroner samanlikna med 2014. Dette er den høgaste eksportverdien av laks nokon gong, og skuldast i hovudsak ein sterk etterspurnad i nærmarknadane i EU i lag med ei svekka krone. For Møre og Romsdal var verdien av eksport frå havbruksnæringa på 6,0 milliardar kroner, ein auke på 33 prosent eller 1,5 milliardar kroner. Det totale volumet enda på nesten 180 000 tonn, ein auke på 34 prosent eller 46 000 tonn.

Talet på lokalitetar i sjø for laks og regnbogeaure i Møre og Romsdal har vore stabilt dei siste tre åra. For andre marine artar har tal lokalitetar gått ned. Det er 14 selskap som driv produksjon av matfisk og 19 selskap med settefisk i Møre og Romsdal. Det er tre godkjente anlegg for slakting av laksefisk i fylket.

Havbruksnæringa sysselsette i produksjonen 441 personar på matfisk, stamfisk og FoU og 249 på klekkeri- og settefisk.

Færre fiskarar, men store verdiar

Innan fiskeria ser vi at stor etterspurnad gjer at verdien for dei norske fiskeria auka med 17 prosent eller 2,5 milliardar i 2015, til 16,9 milliardar kroner. For Møre og Romsdal auka fangstverdien med heile 17,5 prosent til 4,5 milliardar kroner. Torsk utgjer om lag 30 prosent av den totale fangstverdien i fiskeria i fylket og utgjorde 23 prosent av all torsk frå fiskeria i landet. Eksporten av torsk hadde sitt beste år nokon sinne fordi låge kvotar, god ferskfiskmarknad og god valuta­utvikling førte til gode prisar for torsk i 2015. Makrell og sei står for 12 prosent kvar og sild for 10 prosent av fangst­verdien til fiskeria i fylket. Totalt landa kvantum frå fiskeria i Møre og Romsdal var i 2015 på 566 440 tonn, 24 prosent av den totale fangstmengda for landet.

I kystfiskeflåten er det også fiske etter det som blir kalla «anna og uspesifisert fisk». Det fisket er i stor grad fiske etter leppefisk, som blir brukt til avlusing i havbruksnæringa.

Fiskeflåten i fylket er blant dei fremste i verda og har den mest allsidige og moderne fartøystrukturen. Møre og ­Romsdal er det fylket som har flest fiskefartøy over 28 meter (hav­gåande). I 2015 var det registrert 73 fartøy. Dette utgjer 30 prosent av den norske havgåande fiskeflåten. Det er hav­fiskefartøya som står for dei størte landingane både i volum og verdi. I alt er det registrert 617 fiskefartøy i fylket derav 312 som er under 10 meter. Det er flest registrerte båtar i Herøy kommune (89), Smøla (58), Averøy (55) og Giske (51) registrerte fartøy.

I 2016 er det 1 775 personar som har fiske som hovudyrke i Møre og Romsdal, det er ein nedgang på om lag 1 000 fiskarar frå 2005. I tillegg er det registrert 183 som har fiske som attåtnæring i 2016.

Det er registrert flest fiskarar med hovudnæring i kommunane Herøy (297), ­Ålesund (259) og Giske (232).

Norsk eksport av fisk, 2013-2015

Last ned

Total verdi og mengde av slakta fisk og anna i akvakulturnæringa

Last ned

Tal lokalitetar i sjø fordelt på fylke

Last ned

Fiskeri Møre og Romsdal og landet, 2014 og 2015, landa fangst

Last ned

Fiskefartøy etter fylke, 2015

Last ned

Fiskarar (hovudyrke) etter fylke, 2015

Last ned