Vegstandard

Vegstandard

Dårleg vegstandard knytt til vegdekke

Kva standard eller kvalitet vegen har, er avhengig av både vegkropp, grunnarbeid og dekke, samt kurvatur, breidde og linjeføring i forhold til kva type veg det er snakk om. ­Kvaliteten på dekket, og da helst asfaltdekke, og kvaliteten på vegkroppen, er noko bilistane vil merke svært godt dersom han er dårleg.

I Møre og Romsdal er det mykje dårleg asfaltdekke. Dette er del av vedlikehaldsetterslepet etter forvaltingsreforma i 2010, og utviklinga har ikkje snudd. Ei kartlegging viser at delen av fylkesvegnettet med dårleg eller svært dårleg standard har auka frå 46,8 prosent i 2014 til 47,2 prosent i 2015. Dette er ikkje ein stor auke, men det blir heller ikkje betre. Denne utfordringa har Møre og Romsdal saman med mange andre fylke. I enkelte fylke har ein likevel klart å snu utviklinga, som for eksempel i Nord-Trøndelag der tilstanden har betra seg frå 49,5 prosent dårleg standard i 2014 til 47,3 prosent i 2015. Dette er heller ikkje ei stor endring, men det går rette vegen.

I Møre og Romsdal vart det i åra 2010 til 2015 gjennomført ein såkalla grusvegpakke. Nær alle fylkesvegane i Møre og Romsdal fekk fast dekke. Etter dette er det 3 000 km asfaltert fylkesveg i Møre og Romsdal. Levetida på asfaltdekke er om lag 15 år. Prisen per kilometer asfalt i 2015-kroner er 650 000 kroner. Dette gir eit estimert årleg behov på 130 millionar kroner dersom det skal vere mogleg å oppnå god standard til ei kvar tid sett i forhold til levetida til asfalten.

I 2015 vart det utført dekkelegging på fylkesveg i Møre og Romsdal for 69 millionar kroner. Det var ein auke på 31 millionar kroner frå 2014.

Del av fylkesvegnettet med dårleg eller svært dårleg standard

Last ned

Kostnad for utført dekkelegging på fylkesvegar i Møre og Romsdal, 2010-2015

Last ned