Trafikktrygging

Trafikktrygging

Færre drepne og hardt skadde

Talet på ulykker med personskade i vegtrafikken har gått ned sidan 2005, og denne trenden held seg.
Mål for utviklinga av trafikktryggleik vart fastsett gjennom Nasjonal transportplan 2014 til 2023 og målet er at talet på hardt skadde og drepne skal halverast innan 2024 samanlikna med gjennomsnittet for perioden 2008 til 2011. Etappe­målet er illustrert med ei målkurve i figurane, som viser kor vi skal ende om vi skal nå målet.

Talet på drepne i 2015 er det lågaste i landet sidan 1947. I Møre og Romsdal er det historisk låge tal i 2015 med berre to drepne. Rapporten: «Trafikksikkerhetsutviklingen 2015» viser at Møre og Romsdal er blant dei fylka med mest positiv utvikling i talet på drepne og hardt skadde i perioden 2000 til 2015.

Målet for Møre og Romsdal er at vi skal ha 45 prosent færre drepne og hardt skadde i 2024 samanlikna med gjennomsnittet for åra 2009 til 2012. I fylket ser vi ein prosentvis reduksjon som er betydeleg større enn for landet samla (51 prosent). Tala for drepne og hardt skadde i Sogn og Fjordane er lågare, men reduksjonen i tala har vore mykje større i Møre og Romsdal. Oslo er svært annleis enn Møre og Romsdal. Her ligg tala høgt i forhold til Møre og Romsdal, og i tillegg viser tala ein auke i åra etter 2010.

Område der tiltak vil ha stor betydning for måloppnåinga er: bruk av bilbelte og tryggleiksutstyr for barn i bil, bruk av tryggleiksutstyr for gåande og syklande, få ned omfanget av køyring i rus og at bilistane overheld fartsgrensene.

Kommunetala for 2015 visar at det er store forskjellar mellom talet på ulykker per 1 000 innbyggar. Gjemnes toppar statistikken med meir enn 2,71 registrerte ulykker med personskade per 1 000 innbyggar. I fem kommunar var det ikkje registrert ulykker i 2015. Tala må tolkast i samanheng med dei store trafikkårene i fylket.

Tal drepne og hardt skadde i trafikken i Møre og Romsdal, 2000-2015

Last ned

Tal drepne og hardt skadde i trafikken i Noreg, 2000-2015

Last ned

Tal registrerte vegtrafikkulykker med personskade per 1000 innbyggar i kommunen, 2015

Last ned