Reisevaner

Reisevaner

Lengre reiser og meir tidsbruk, men same formål

I reisevaneundersøkinga til Transportøkonomisk Institutt frå 2013/2014 er resultata kategoriserte under store byar, mindre byar og resten av landet. Dei fire største byane er presenterte med eigne resultat. Reisevaneundersøkinga blir gjort kvart fjerde år. Tala frå 2013/2014 er derfor dei ferskaste vi har.

I gjennomsnitt gjer befolkninga 3,26 reiser per dag. Talet på reiser er litt høgare i kategorien mindre byar, med 3,33. Samtidig er det lite endring i talet på reiser frå den førre reievaneundersøkinga i 2009. Det er berre 10 prosent av befolkninga som ikkje reiser i løpet av ein dag. Gjennomsnittslengda på ei reise i 2013/2014 var 14,5 km, og ho varte i 24 minutt. ­Reisene er litt kortare i mindre byar, med 13,2 km og 22 ­minutt. Den dagleg reiselengda har auka frå 32,0 til 39,2 km per dag sidan 90-talet, og frå 60 til 77 minutt. Tidsbruken per dag er litt lågare i småbyar med 73 minutt, og reiselengda litt kortare, med 36,7 kilometer per dag. Men også her har lengda auka, men auken er beskjeden for kvar enkelt person både for landet, og for kategorien mindre byar. Totalt sett utgjer dette likevel ein stor auke i det totale transportarbeidet. Fleirtalet av reisene er mellom 1,0 og 2,9 km.

Dei daglege reisene er knytte til fire formål: arbeid og skole, innkjøp og sørvis, følge og omsorg, samt fritidsreiser. Handels- og sørvisreisene er størst med 27 prosent for landet og 28 prosent i mindre byar. Arbeidsreisene kjem som nummer to med høvesvis 21 og 19 prosent. Endringane frå 2009 er små. Reisemønsteret avspeglar livsfase og aktivitetsmønster. Personar med små barn har størst del følge- og omsorgsreiser, kvinner har fleire følgereiser og handelsreiser enn menn, og dei ikkje-yrkesaktive har flest fritidsreiser. Det er tre prosent færre arbeidsreiser i mindre byar enn i Oslo, og tre prosent fleire følge og omsorgsreiser.

Daglege reiser etter formål, 2013/2014

Last ned

Lengde og tidsbruk på arbeidsreiser 1992, 2001, 2009 og 2013/2014

Last ned

Daglege reiser, tal, lengde og tidsbruk

Last ned