Kollektivtrafikk

Kollektivtrafikk

Stabile passasjertal og flest kollektivreiser i ­Ålesund

2016 er det første året da fylkeskommunen har hatt elektronisk billettering av alle ordinære reisande over to heile år slik at det er mogleg å samanlikne på eit grunnlag der tala har høg kvalitet. Det er likevel knytt noko usikkerheit til skoleskysstala, fordi enkeltreiser for elevar med skolebevis ikkje blir registrerte elektronisk. Her er det noko avvik i tala. Desse reisene er derfor berekna med utgangspunkt i elevar med rett til skoleskyss.

Talet på kollektivreiser i Møre og Romsdal var 10 415 000 i 2014 og 10 479 000 i 2015. Dette er ein beskjeden auke på under ein prosent, og han er ikkje større enn at det er riktig å konkludere med at passasjertala held seg stabile. Likevel går det rette vegen i absolutte tal. Når det gjeld reisemiddel­fordeling, har derfor delen til kollektivreiser truleg ikkje blitt dårlegare, men her er det mange nyansar som ikkje kjem fram i desse tala.

Trafikken varierer mykje i fylket. Gjennom det elektroniske billetteringssystemet kan vi trekke ut kva haldeplassar som har den største trafikken i form av påstigning på buss og hurtig­båt. Den største haldeplassen og knutepunktet i fylket er Moa trafikkterminal i ­Ålesund med nær 600 000 påstigande i 2015. Per dag blir dette nær 2 000, og talet er truleg høgare på kvardagar fordi det er færre avgangar i helgene. Åtte av dei 20 største haldeplassane ligg i ­Ålesund. Blant dei 20 halde­plassane med størst aktivitet finn vi mange i dei tre største byane i fylket. Men vi ser og at ­Ålesund lufthamn Vigra i Giske kommune og haldeplassane på hurtig­båt­kaiene i Haram og Langevåg i Sula kjem med på lista.

Kollektivreiser i Møre og Romsdal, 2014 -2015

Last ned

Haldeplassar med flest tal påstigande, 2015

Last ned