Gang- og sykkelveg

Gang- og sykkelveg

Mange gang- og sykkelvegar på statleg og fylkeskommunalt vegnett, lite sykling

Reisevaneundersøkinga til Transportøkonomisk Institutt for 2013/2014 viste at det er få som syklar i Møre og Romsdal. Delen ligg på mellom 3 og 4 prosent i ­Kristiansund, ­Molde og ­Ålesund. Målet er å få ein auke i sykkelreiser opp til åtte prosent, og då må vi vite meir om situasjonen.

Noko som påverkar syklinga, er kor godt tilrettelagt det er for gåande og syklande. Utbygde gang- og sykkelvegar på fylkesvegane og det statlege vegnettet er kartfesta, og nye utbyggingar blir stadig lagt inn på kartet. Det kartet ikkje viser, er gang- og sykkelvegar på kommunalt vegnett.

Førsteprioritet for utbygging av gang- og sykkelvegar er skole­veg med ein radius på 4 km rundt grunnskole, og 6 km rundt vidaregåande skole. Når kommunale gang- og sykkel­vegar manglar i kartutsnitta, er det vanskeleg å vite om ­vegane går samanhengande fram til skolane. Det karteksempla likevel viser, er graden av samanhengande nett av gang- og sykkel­vegar på fylkeskommunalt og statleg vegnett.

For å få meir konkrete tal for kor mykje vi syklar på bestemte stadar, er det sett opp teljarar som måler talet på syklande på enkelte punkt i byane. Dette er eit nytt tiltak, så teljepunkta er få. Teljepunktet på Reknes i ­Molde har berre tal for 2015, og Nordsundet i ­Kristiansund for 2016 fram til om med juli. Tabellen viser at talet på syklande er lågt på alle teljepunkta, sjølv om ein legg SDT til grunn, der ein berre tel og delar på sommarmånadane. På dei to teljepunkta der ein har tal for fleire år, viser tala at syklinga er aukande. På det teljepunktet der trafikkmengda er størst, Nørvasundbrua like ved NTNU i ­Ålesund, er trafikkmengda på SDT 255 i 2015, ein auke på 121 prosent frå 2013. Dette er ein formidabel auke, som viser at det går rette vegen, sjølv om det faktiske talet på syklande er lågt.

Gang- og sykkelveg

Last ned

Trafikkmengde på sykkel ved eksisterande tellepunkt, 2013-2016

Last ned