Ferje

Ferje

Stor forskjell mellom ferjesambanda i talet på passasjerar

Ferjene vart tidleg sett på som flytande bruer i vegnettet, men for mange kan ferjene vere ein del av kollektivkjeda. Grafen viser kor stor del passasjerane utgjer av det totale talet på reisande. Med andre ord gjeld talet delen av alle dei som reiste med ferje og som ikkje var førar av eit kjøretøy. Som ein ser, varierer dette frå den lågaste delen på 39 prosent i sambandet Hundeidvika-Festøya, til 61 prosent i sambandet Eidsdal- Linge og Ona ruta (rute 32).

Det er åtte samband der over 50 prosent av dei reisande ikkje var førar av eit kjøretøy. Halvparten av desse sambanda har ein låg årsdøgntrafikk på under 250 personbileiningar.

99,7 prosent av oppsette ferjeavgangar blir gjennonmført

Ein måler regulariteten på ferjene på grunnlag av innstilte avgangar i forhold til gjennomførte avgangar i løpet av eit år. Tabellen viser regulariteten i prosent, kor mange avgangar som vart innstilte, og kor mange avgangar som vart gjennomførte i dei ulike sambanda. Ein ser og byggeåret for ferja som betente sambandet i 2015.

Ein har i tabellen ikkje tatt omsyn til innstillingar som følge av forhold ferjeoperatørane ikkje rår over, som til dømes vêrtilhøve. Ferjesambandet til Ona er ei av rutene som ligg utsett til, og som ville hatt ein høgare regularitet om ein hadde trekt frå dei 96 avgangane som var innstilte på grunn av vêrtilhøva.

Regulariteten er over 99 prosent på alle sambanda, og dei sju sambanda med best regularitet hadde til saman berre 77 innstilte avgangar. Regulariteten for ferjesambanda samla sett var i 2015 heile 99,7 prosent, det same som i 2014.

Gjennomsnittalderen på ferjene i Møre og Romsdal var om lag 25 år i 2015, og 12 av sambanda hadde ferjer som vart bygd før 1980.

Fylkesvegferje, passasjerdelen av reisande i 2015

Last ned

Fylkesvegferje, regularitet og alder på hovudfartøy, 2015

Last ned