Personinntekter

Personinntekter

176 500 kroner meir til menn

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal i 2014 var 406 500 kroner samla for menn og kvinner. Det er 14 900 kroner lågare enn landsgjennomsnittet på 421 400 kroner. Dersom ein nyttar medianinntekta*, er forskjellen i forhold til landsgjennomsnittet mindre. Det inneber at Møre og Romsdal har færre personar med ekstremt høge inntekter – som drar opp gjennomsnittet elles i landet. Medianinntekta fangar betre kva som er den «vanlege» inntekta i befolkninga.

Det er sju kommunar i Møre og Romsdal som ligg over landsgjennomsnittet i medianinntekt. Høgast er median­inntekta i ­Molde med 383 900 kroner. Dernest kjem Ulstein med 375 400 kroner. Skodje har no gått forbi ­Ålesund som nummer tre på denne rangeringa. Den lågaste medianinntekta har personar busett i Tingvoll kommune med 317 700 kroner. Også i ­Stordal, Smøla og ­Vanylven er medianinntekta under 325 000 kroner. Frå 2013 til 2014 auka medianinntekta for personar i Møre og Romsdal med 11 700 kroner. Auken på landsbasis var 10 900 kroner. Det inneber at lønnsutviklinga i Møre og Romsdal var betre enn i landet 2014.

Når vi skal samanlikne inntekta for menn og kvinner, brukar vi gjennomsnittleg bruttointekt. Ho var 493 300 kroner for menn og 316 800 kroner for kvinner i Møre og Romsdal i 2014. Med det ligg mennene 10 300 kroner under lands­gjennomsnittet og kvinnene ligg dobbelt så langt etter, 22 100 kroner under landsgjennomsnittet.

Skilnaden mellom menn og kvinner i Møre og Romsdal var på 176 500 kroner. Inntekta til kvinnene utgjorde 64,2 ­prosent av inntekta til mennene. Landsgjennomsnittet var 67,3 ­prosent. 11 kommunar låg over landsgjennomsnittet.

* Medianinntekta er det inntektsbeløpet som deler befolkninga i to like store halvdelar, etter at alle sine inntekter er sortert i stigande (eller synkande) rekkefølge. Det vil altså vere like mange med inntekt over som under medianinntekta.

Delen eldre med låginntekt går ned

7,3 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal hadde i 2014 vore under inntektsgrensa som er definert som låginntekt i minst tre år (vedvarande låginntekt). Låg­inntekt blir brukt om hushaldsinntekter under 60 prosent av median­inntekta.

Møre og Romsdal er blant fylka med lågast del personar med vedvarande låginntekt. På landsbasis fell 9,0 prosent av innbyggarane i denne «fattigdomskategorien». Om vi ser korleis låginntekt fordeler seg mellom ulike aldersgrupper, ser vi at Møre og Romsdal faktisk ligg over landsgjennomsnittet for eldre over 66 år, med 11,8 prosent mot 9,6 prosent. Både i Noreg totalt og i Møre og Romsdal har det vore ein jamn nedgang i delen eldre med låginntekt dei siste ti åra. I 2006 var denne delen 21,3 prosent i Møre og Romsdal.

På landsbasis er delen med låginntekt størst blant unge vaksne mellom 18 og 34 år, både i relativ del av gruppa og i faktiske personar. Også i Møre og Romsdal er det flest fattige i denne aldersgruppa målt i talet på personar.

Delen barn i hushald med vedvarande låginntekt var 6,8 prosent i Møre og Romsdal i 2014. Det utgjorde 3 500 barn, som er ein auke på 400 barn frå 2013. Aldri har barnefattigdommen auka så mykje på eit år. Det same har skjedd elles i landet, der delen barn i låginntektshushald var 9,4 prosent i 2014. Delen barn i låginntektshushald har auka tydelig frå 2012. Ifølge SSB er det først og fremst auka innslag av innvandrarbarn i låginntektsgruppa som forklarer denne utviklinga.

Møre og Romsdal var i 2014 det fylket som hadde tredje ­lågast del barn i låginntektsfamiliar. Oslo skil seg ut med klart størst barnefattigdom. Her gjeld dette 16,9 prosent av barna under 18 år. Rogaland var i 2014 det fylket som hadde lågast del barn i låginntektshushald.

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre, 2014

Last ned

Relativ del personar i hushald med vedvarande låginntekt, 2012-2014

Last ned

Vedvarande låginntekt*, treårsperiode, Møre og Romsdal, etter alder

Last ned

Del barn under 18 år i vedvarande låginntektsfamiliar, 2012-2014

Last ned

Del barn under 18 år i vedvarande låginntektsfamiliar, treårsperiode

Last ned