Pendling

Pendling

Redusert pendling

Definisjonen på pendling er at ein kryssar minst ei kommunegrense frå heim til arbeidsstad. Pendling er meir enn summen av overskot eller underskot av arbeidsplassar i kvar kommune. Enkelte finn «draumejobben» i nabokommunen mens andre ønsker å bu ein annan stad enn der arbeidsplassen er.

Frå 2014 til 2015 gjekk den samla pendlinga, både mellom kommunane i Møre og Romsdal og inn og ut av fylket, markant ned. I 2014 pendla 5 006 personar inn til Møre og Romsdal frå andre fylke, mens dette i 2015 var redusert til 4 279. Internt i fylket hadde byane Ålesund og Molde størst nedgang i innpendling, med ein reduksjon på høvesvis 398 og 329 innpendlarar. Sande og Rauma hadde den største relative nedgangen, med 40 og 22 prosent.

Skodje er i dag den kommunen som er mest integrert i ein ­regional arbeidsmarknad. I denne kommunen pendlar 66 prosent av dei busette ut av kommunen til arbeid, mens 47 prosent av arbeids­takarane med arbeidsplass i Skodje pendlar inn. Dette gjer at Skodje er på fylkestoppen i begge desse kategoriane. Både i Sula og Ørskog pendlar over halvparten av arbeidsstyrken ut av kommunen på arbeid. I tillegg til Skodje er ­arbeidsgjevarar i Aukra, Stordal, Hareid, Volda, Ørskog og ­Ulstein avhengige av arbeidskraft frå andre kommunar, da meir enn kvar tredje arbeidstakar pendlar inn frå andre kommunar.

Auka innpendling til byane

Sidan år 2000 har pendlinga inn til dei tre største byane våre auka med over 40 prosent, eller nesten 4 500 personar. I tal har pendlarstraumen auka mest i ­Ålesund, men relativt sett har ­Kristiansund den største auken med godt over 50 prosent. Det meste av denne auken er frå nærliggande kommunar og viser at byane blir stadig viktigare i bu- og arbeidsmarknads­regionane sine. 44 prosent av arbeidsplassane i fylket ligg i dei tre byane, mens «berre» 37 prosent av befolkninga bur der.

Pendling kommunevis per 4. kvartal 2015

Last ned

Tal pendlarar ut/inn per kommune 2015 etter kjønn

Last ned

Pendlingsstraumer mellom kommunar per 4. kvartal 2015

Last ned