Likestillingsindeksen

Likestillingsindeksen

Stor og stabil lønnsforskjell mellom kvinner og menn

Møre og Romsdal låg i 2014 under landsgjennomsnittet på 9 av 12 indikatorar for likestilling mellom kjønna. Forskjellen er likevel ikkje dramatisk, likestilling er ei nasjonal utfordring og utviklinga går svært sakte over heile landet.

Hovudutfordringa for likestillingsarbeidet i Møre og ­Romsdal er, ifølge likestillingsindeksen, at vi har ein klart kjønnsdelt arbeids­marknad. Det er eit tydeleg kjønnsskille i jobbval, ­arbeidstid og lønn. I tillegg er spriket mellom utdanningsnivåa til menn og kvinner større i fylket enn landsgjennomsnittet.

Gjennomsnittleg bruttointekt for kvinner i Møre og Romsdal i 2014 var 176 500 kr lågare enn gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. I 2014 tente kvinnene i fylket 64,2 prosent av lønna til menn, mot 62,4 prosent i 2009. Både i fylket vårt og i landet går utjamninga av lønnsforskjellen mellom menn og kvinner sakte.

I 2014 arbeidde 37,5 prosent av kvinnene deltid, mot berre 12,5 prosent av mennene. Dei siste fem åra har delen som arbeider deltid blant kvinner gått ned med 1,2 prosentpoeng. På landsbasis var det 34,7 prosent av kvinnene som arbeidde deltid i 2014.

Offentleg sektor er kvinnedominert, og enda meir i Møre og Romsdal enn i landet elles. 75,4 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i fylket er kvinner, mot eit landsgjennomsnitt på 70,4 prosent. Når det gjeld kjønnsbalansen mellom sektorane i arbeidslivet, går likestillinga «feil veg» i Møre og ­Romsdal. På landsbasis skjer det ei lita utjamning.

Møre og Romsdal har tidlegare hatt ei positiv utvikling i delen av fedrar som tar ut heile fedrekvota eller meir. Dette auka jamt fram til 2012, da delen var 70,0 prosent. No har utviklinga stoppa opp. I 2014 tok 69,8 prosent ut heile fedre­kvota eller meir. Også nasjonalt gikk delen tilbake med 0,3 prosentpoeng frå året før. Landsgjennomsnittet i 2014 var 68,2 prosent.

Indikatorar for kjønnslikestilling – skår for Møre og Romsdal og landet, 2014

Last ned

Indikatorar for kjønnslikestilling, grunnlagstal for Møre og Romsdal og landet, 2009 og 2014

Last ned