Kvinner i kommunestyra

Kvinner i kommunestyra

Fleire kvinner i kommunestyra

Møre og Romsdal har vore blant dei fylka som har hatt lågast del kvinnelege representantar i kommunestyra. Etter kommune­valet i 2015 har Møre og Romsdal klatra på fylkes­rangeringa, og med ein kvinnedel på 38 prosent plasserer vi oss midt på lista. Vi ligg rett bak totalen for heile landet, som er 39 prosent. Kvinnerepresentasjonen er størst i Akershus med 44 prosent. Oslo har tidlegare toppa statistikken, men har ein klar reduksjon i kvinnedelen i inneverande periode. Telemark og Agder-fylka har lågast del kvinnelege kommunestyre­representantar.

I vårt eige fylke ligg Hareid kommune på topp med ein kvinne­del på 52 prosent i kommunestyret. ­Molde kommune­styre har 49 prosent kvinner og i Surnadal og Smøla er kvinne­delen 48 prosent. Lågast del kvinner i kommunestyret er det i Averøy, med 26 prosent.

Det er no ingen kommune i Møre og Romsdal som har ­under 25 prosent kvinner i sitt kommunestyre. I perioden 2011 til 2015 var det seks kommunar i denne kategorien i fylket vårt. 17 av 36 kommunar har ein auke i delen kvinnelege kommune­styre­representantar frå førre periode. Størst auke i prosentdel finn vi i kommunane Stordal, Midsund, Vanylven, Hareid og Surnadal. Størst nedgang i kvinnedel i kommunestyret har vi i Rauma og Aukra.

Når vi ser på alderen til dei kvinnelege representantane, finn vi at det er i aldersgruppa 18 til 29 år at kvinnedelen aukar mest. Blant kommunestyrerepresentantane i Møre og ­Romsdal ­under 40 år er det no fleire kvinner enn menn, 113 mot 99.

I Møre og Romsdal er 9 av 36 ordførarar kvinner, altså ein kvinnedel på 25 prosent. Dette er litt lågare enn for Noreg totalt. Halvparten av kommunane i Møre og Romsdal har kvinneleg varaordførar. Det er over landsgjennomsnittet på 43 prosent.

Del kvinner blant kommune­styre­representantane i Møre og Romsdal, prosent

Last ned

Talet på kvinnelege ordførarar og varaordførarar i Møre og Romsdal

Last ned

Kommunestyrerepresentantar i Møre og Romsdal 2015 etter kjønn og alder

Last ned

Del kvinnelege representantar i kommunestyra i Møre og Romsdal, prosent

Last ned