Kvinnelege leiarar

Kvinnelege leiarar

Møre og Romsdal har størst auke i delen kvinnelege leiarar

Møre og Romsdal er det fylket som har hatt størst auke i delen kvinnelege leiarar frå 2009 til 2014. På desse åra auka delen frå 30,1 til 34,0 prosent. Fylket nærmar seg med det landsgjennomsnittet som i 2014 var 35,8 prosent.

I Møre og Romsdal er det i Aure, Vanylven, Halsa, Rindal, Sunndal, Sandøy og Surnadal at vi finn størst del kvinnelege leiarar – alle med over 40 prosent. Kvinnedelen blant leiarar i Sykkylven, Stranda, Ulstein og Herøy er under 30 prosent.

Det er fylka i Nord-Noreg samt Oslo som har størst del kvinnelege leiarar – i Finnmark utgjer dei kvinnelege leiarane 42,1 prosent. I motsett ende av rangeringa finn vi Agder-fylka og Vestfold.

Ser vi på kvinner med leiarroller i aksjeselskap, finn vi at utviklinga går saktare. I 2009 hadde kvinnene 15,6 prosent av desse rollene (styreleiar, styremedlem eller dagleg leiar) i Møre og Romsdal. I 2016 er denne delen framleis berre 17,0 prosent. Det er nært landsgjennomsnittet som er 17,5 prosent.

Lågast del kvinner finn vi blant styreleiarane. I Møre og Romsdal er 11,7 prosent av desse kvinner mot 13,0 prosent på landsbasis. Kvinnedelen er også her størst i fylka nordpå, men forskjellane mellom fylka er veldig liten.

Kvinnene utgjer 14,9 prosent av dei som er dagelege leiarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal. Tilsvarande tal for landet totalt sett er 16,0 prosent. Det er innan detaljvarehandelen at vi finn flest kvinner som daglege leiarar, til saman 381 i Møre og Romsdal. Dette utgjer 38,8 prosent av dei daglege leiarane i detaljvarehandelen. Men det er innan personleg teneste­yting, veterinærtenester, produksjon av klede og private ­sosiale omsorgstenester (utan butilbod) at kvinnedelen er størst – her utgjer kvinnene over 60 prosent av dei daglege leiarane.

Del kvinner blant leiarar, 2009 til 2014, fylket og landet

Last ned

Kvinnedel blant rollehavarar i aksjeselskap, 2016

Last ned

Kvinner som rollehavarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal

Last ned

Del kvinner blant leiarar, rangering av fylka, prosent

Last ned

Kvinnedel blant rollehavarar i aksjeselskap i Møre og Romsdal i 2009 og 2016, prosent

Last ned