Museum

Museum

Fleire besøker musea

I 2014 hadde musea i Møre og Romsdal 415 219 besøkande. Det er ein auke på 4 prosent frå året før. Nasjonalt var nedgangen i tal besøkande på 1 prosent.

Høgast besøkstal hadde Atlanterhavsparken i 2014 med 132 900 besøkande. Deretter følger Sunnmøre Museum (gjeld Stiftinga Sunnmøre Museum og ikkje til avdelinga Sunnmøre Museum, Borgundgavlen) og Romsdalsmuseet. Gjennomsnittleg besøk per innbyggar var 1,6. På landsbasis var det same talet 2,1.

Musea var i gjennomsnitt opne 263 dagar i 2014. Fire av musea i fylket har gratis inngang i sesongen eller på enkeltdagar. Billettprisane er ikkje like for dei ulike musea innanfor det konsoliderte museet. For eksempel har fleire museums­avdelingar innanfor Stiftinga Sunnmøre museum gratis inngang for barn frå eigen kommune. I gjennomsnitt kosta inngangsbilletten til musea 81 kroner for vaksne og 38 kroner for barn. Dette er over landsgjennomsnittet for vaksenbillettar og på landsgjennomsnittet for barnebillettar.

Utstillingane er ein viktig formidlingskanal for musea. I 2014 hadde musea i fylket 100 basisutstillingar, 28 temporære utstillingar og 38 vandreutstillingar. Prioritering av blant anna direkte formidling til skoleelevar og satsing på basisutstillingane forklarer kvifor det er auke i talet på basisutstillingar og færre vandreutstillingar i Møre og Romsdal. Dette er ei utvikling som skil seg frå landet elles.

I tillegg til utstillingar arrangerte musea 402 opne møte, 47 konsertar og 305 framsyningar av to teateroppsettingar i 2014. Nasjonalt har talet på opne møte auka med 20 prosent frå 2012 til 2014, mens det i Møre og Romsdal har vore ein nedgang på fem prosent i same periode. Trass i denne utviklinga er nærare sju prosent av alle opne møte i Noreg arrangert av musea i vårt fylke.

Auka inntekter til musea

Det er seks konsoliderte museum i Møre og Romsdal (sjå tabell). Alle er organiserte som stiftingar, mens 62 prosent av alle musea nasjonalt er stiftingar.

Dei samla inntektene til musea i fylket var i 2014 på 134,3 millionar kroner, inkludert statlege tilskot, mens dei totale utgiftene var på 134,4 millionar (før fråtrekk av offentlege refusjonar). Eigeninntektene til musea er i hovudsak billettinntekter, butikk- og kaféinntekter, sponsorinntekter og gåver. Ved sida av dette har musea ulike prosjekttilskot som kan vere vesentlege. Totalt var eigeninntektene på 48,7 millionar kroner, eller 38 prosent av totalinntektene i 2014. Til samanlikning var eigeninntektene for alle musea i landet 29 prosent. Sponsorinntekter og gåver har auka sterkt i perioden 2012 til 2014.

Trass i auka eigeninntekter er offentlege tilskot den viktigaste inntektskjelda for musea. Dei offentlege tilskota var på 83,9 millionar kroner i 2014, noko som svarar til 325 kroner per innbyggar. Til samanlikning var det i Noreg gitt 3,17 milliardar kroner i offentlege tilskot til musea, eller 613 kroner per innbyggar. Dei offentlege tilskota kjem frå stat, fylke og kommunar.
I 2014 arbeidde 122 personar i faste stillingar ved musea, til saman 102,4 årsverk. Frå 2012 til 2014 har talet på personar og årsverk i faste stillingar auka. Samtidig har talet på frivillige årsverk gått ned. Denne utviklinga er lik utviklinga elles i landet.

Forsking og kunnskapsutvikling er eit nødvendig fagleg grunnlag for innsamling, dokumentasjon og formidling ved musea. Denne kompetansen har auka i museumsvesenet i Noreg dei siste åra. Også Møre og Romsdal tar del i denne utviklinga, sjølv om hovudvekta av forsking og kunnskapsutvikling skjer ved universitetsmusea og dei største konsoliderte musea i landet.

Tal besøkande ved musea i Møre og Romsdal, 2012-2014

Last ned

Tal besøkande ved musea i Møre og Romsdal, 2012-2014

Last ned

Besøkstal per innbyggjar, i Møre og Romsdal og nasjonalt. 2012-2014

Last ned

Opningstider og billettprisar 2014

Last ned

Utstillingar, Møre og Romsdal og nasjonalt. 2012-2014

Last ned

Musea i Møre og Romsdal sine inntekter, 2014

Last ned

Musea i Møre og Romsdal sine utgifter, 2014

Last ned

Musea i Møre og Romsdal sine inntekter, 2012-2014, i heile 1000

Last ned

Kompetanse og kunnskapsproduskjon ved musea i Møre og Romsdal, 2012-2014

Last ned

Musea i Møre og Romsdal sine utgifter, 2012-2014, i heile 1000

Last ned

Årsverk ved musea i Møre og Romsdal, 2012-2014

Last ned