Friluftsliv

Friluftsliv

128 statleg sikra friluftsområde i Møre og Romsdal

Tilgang til friluftslivsområde i nærleiken av der folk bur, er viktig for å sikre ei aktiv befolkning. Det er dei tre største byane saman med Surnadal som har mest statleg sikra areal. Kommunane har generelt sikra fleire perifere område og marka­område rundt tettstadane, enn areal inne i buområda. Det er dei grøne lommene og korridorane inne mellom husa som kanskje er dei viktigaste i folkehelsesamanheng. Framleis er det seks kommunar i fylket som ikkje har noko statleg sikra friluftslivsområde.

40 millionar kroner til friluftslivsanlegg

Dei siste fem åra har det av ei total spelemideltildeling på 304 millionar kroner vore løyvd nærare 40 millionar kroner til friluftslivsanlegg i Møre og Romsdal. Vi ser at det er store forskjellar mellom kommunane. Medan fire kommunar ikkje har fått tilskot, har ein i Rauma, ­Molde, Nesset, Stranda, Surnadal, Herøy og ­Ålesund fått til saman over 20 millionar kroner.
I tillegg til spelemidlar har det i dei statleg sikra områda vore fordelt over 7,5 millionar kroner til ulike tilretteleggingstiltak i perioden 2013 til 2016. Fleire kommunar har ikkje søkt eller fått tilskot. Rauma er den kommunen som dei siste åra samla sett har fått mest tilskot til tilrettelegging for friluftslivsaktivitet.

1 450 moroturar

I Møre og Romsdal er morotur.no ein av kanalane kommunane kan bruke for å marknadsføre turane sine. Til no er det registrert meir enn 1 450 turar og den tilhøyrande appen er laste ned nesten 30 000 gongar. Rauma, som allereie hadde gjort ein jobb med nettsida romsdal.com, har lagt ut 434 moro­turar. Etter Rauma er det i kommunane Vanylven, ­Molde, Nesset, ­Ålesund og Fræna at det er kartlagt flest turar.

Tal for tilskot, spelemidlar, sikra areal og morotur.no

Last ned