Bibliotek

Bibliotek

Folkebiblioteket – den mest besøkte kulturinstitusjonen i fylket

I 2015 var totalbesøket ved alle folkebiblioteka i Møre og Romsdal på over 825 000, ein auke på 0,5 prosent frå 2014. I snitt besøkte kvar innbyggar folkebiblioteket meir enn 3 gongar i løpet av året. Det gjer folkebiblioteket til den mest besøkte kulturinstitusjonen i fylket.
Folkebiblioteket har framleis ein viktig funksjon som sosial møteplass, og som lærings- og kulturarena. Sidan 2010 har talet på frammøtte ved kulturarrangement i folkebibliotekregi auka frå 13 000 til 21 000 i 2015. I alt var det 735 kultur­arrangement i folkebiblioteka i 2015, og flest var det ved ­Ålesund bibliotek med 134 arrangement. Størst frammøte var det ved ­Molde bibliotek, med totalt 3 500 frammøtte på ulike kulturarrangement.

Folkebiblioteka gir viktige kulturtilbod til barn. I 2015 var 364, eller nesten 50 prosent av alle kulturarrangementa i folke­biblioteka for barn. Av 281 utstillingar arrangert i folke­biblioteka same år, var over 50 prosent tilbod til barn.

Det er eit omfattande samarbeid mellom skole og folkebibliotek om lesing og leselyst. I alt hadde folkebiblioteka 1 403 klassebesøk og 36 700 frammøtte i 2015. Det er dei små folkebiblioteka som kan vise til flest klassebesøk og flest frammøtte. Sandøy bibliotek hadde heile 200 klassebesøk i 2015, følgt av Skodje bibliotek og Stordal bibliotek. Rindal folkebibliotek hadde desidert flest besøkande med 13 500 frammøtte, følgt av Skodje bibliotek og Sandøy bibliotek.

Brukaropplæring er eit viktig tilbod i folkebiblioteka. I alt vart det halde 283 kurs med 3 127 frammøtte ved 27 folke­bibliotek i fylket i 2015. Av desse kursa, var 193 gitt til barn og unge. I samarbeid med skolane gav 17 folkebibliotek opplæring i bibliotekkunnskap til barn og unge, og i kjeldekritikk og informasjons­søking. Sande bibliotek toppar statstikken med 50 kurs for barn og unge, følgt av Vanylven folke­bibliotek og Sandøy bibliotek.

Folkebiblioteka som kultur- og kunnskapsarena, aktivitet i 2015

Last ned