Rammeoverføringar til kommunane

Rammeoverføringar til kommunane

Store forskjellar i rammeoverføringane til kommunane

Kommunane har fleire inntektskjelder. Ein del inntekter kjem frå overføringar frå staten, andre kjem frå skatt og brukarbetalingar frå innbyggarane. Overføringane til kommunane gjennom inntektssystemet er reviderte og blir sett i verk frå 2017. Kostnadsnøklane i inntektssystemet blir oppdaterte. Basistilskotet får ny utrekning, og dei distriktspolitiske tilskota får ny innretning.

Tabellen viser nokre av dei store inntektselementa i rammetilskotet til kommunane i 2016 og er henta frå «Grønt ­hefte». Innbyggar­tilskotet er inklusive inntektsgaranti­ordninga, men eksklusive basistilskotet. Basistilskotet er skilt ut frå inn­byggar­tilskotet. Småkommunetilskotet blir gitt til kommunar med under 3 200 innbyggarar, mens distriktstilskotet Sør-Noreg blir gitt til kommunar som har over 3 200 innbyggarar, og som har distriktsutfordringar. Veksttilskotet er ikkje med i berekningane her.

Sidan basistilskotet, småkommunetilskotet og til dels distriktstilskot Sør-Noreg blir fordelt med same beløp til kvar kommune, får kommunane ulike inntekter i kroner per innbyggar. Diagrammet til høgre viser alle desse elementa i ­kroner per innbyggar.

Av diagrammet går det fram at kommunane i Noreg i gjennomsnitt får noko over 24 700 kroner per innbyggar. I Møre og Romsdal får kommunane i gjennomsnitt nærare 23 000 kroner per innbyggar, og i fylket vårt har Stordal kommune den høgaste rammeoverføringa med i overkant av 45 000 kroner per innbyggar. ­Ålesund kommune har den lågaste rammeoverføringa med i underkant av 20 000 kroner per innbyggar. Fem kommunar har lågare inntekter frå desse inntektskjeldene enn gjennomsnittet for Møre og Romsdal. Det er 26 kommunar som har høgare inntekt i kroner per innbyggar enn landsgjennomsnittet.

Tilskot etter kommune, 2016

Last ned